Bømlo Venstre heldt sitt årsmøtet for 2025 den 10.12.2024, på Bremnes. Det var godt oppmøte og årsmøtet valde Anne-Beth Njærheim til ny leiar. Gratulerer!
Ho er godt kjent frå både lokal- og fylkespolitikken og har vore aktiv i mange år. Ho saman med det nye styret har som eit defintivt mål å få Bømlo Venstre representert i kommunestyret igjen frå 2027. Med seg i styret får ho Siv Aanderaa Legøy, Silje Sivertsen og Vanja Espeland.
I mellomtida er det Stortingsvalet 2025 som blir i fokus. Førstekandidat Sveinung Rotevatn besøkte Bømlo og var mellom anna innom Geopark Sunnhordland med synfaring i Moster Amfi. På årsmøtet innleia han om den politiske situasjonen i Noreg og understreka kor stort behov det er for ny næringspolitikk for Vestlandet og Bømlo. Av andre tema som engasjerte var klima, grønt næringsliv, EU, skule og opplæring og privatøkonomi.
Venstre har lagt fram framlegg til nytt Stortingvalprogram som skal bli handsama på fylkesårsmøtet. Der blir Bømlo Venstre representert og kjem mellom anna til å ta opp tema som næring og kultur.