Hellesnes ny Venstre-topp i Hordaland

Mona Haugland Hellesnes toppar nominasjonsnemnda sitt framlegg til fylkestingslista for Hordaland Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Mona Haugland Hellesnes

Hellesnes er ordførar i Ulvik, noko ho vonar å få høve til å kombinerere med fylkespolitikk i neste periode. For mange er ho mest kjent for sitt sterke engasjement mot kraftmastene i Hardanger, ei av mange saker ho brenn for.

– Eg er stolt og glad over at Mona har takka ja til å bli Venstre sin fremste fylkespolitikarar i neste periode, seier leiar i nominasjonsnemnda Kari Østervold Toft.
— Eg kjenner ho som ein tydeleg og uredd politikar, og er eg trygg på at ho kjem til å fronte Venstre sin politikk på ein framifrå måte i fylkestinget.

Kari Østervold Toft

Mona Haugland Hellesnes overtek førsteplassen etter Harald Hove som no takkar av etter 16 år i fylkestinget for Venstre.
— Harald har vore Venstre i fylkespolitikken. Han har lang røynsle og sterkt engasjement, ein ekte sosialliberalar, seier Toft, som ikkje trur at Hove kjem til å slutte å engasjere seg politisk sjølv om han no har valt å takke nei til ein ny periode. Hove er føreslegen på heidersplassen på lista.

– Eg er trygg på at den lista nominasjonsnemnda legg fram vil leggje grunnlaget for eit godt val for Venstre ved fylkestingsvalet. Her er ein fin blanding av unge og vaksne, folk som kan fylket og dei utfordringar fylkestinget står fram for — og ikkje minst er dette ei liste med mange som gler seg til å bli ombod for hordalendingane i fylkespolitikken.

Alf Helge Greaker, leiar i Bergen Venstre, har fått andreplass på lista. Anne Beth Njærheim frå Bømlo er tredjekandidat, medan ungdomskandidaten Bjørnar Hamre, frå Selje men busett i Bergen, har fått fjerdeplassen. Vidare følgjer Rolf Nesheim frå Lindås og Grete Line Simonsen frå Bergen.

Hele listeforslaget ligger her

Kontaktpersonar:

Kari Østervold Toft, leiar i nominasjonsnemnda, mobil 913 80 629
Mona Haugland Hellesnes, førstekandidat, mobil 400 07 119

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**