Samferdsle – styrka det kollektive tilbodet

Et godt kollektivtilbud og trygge veier er grunnleggende viktig i Hordaland.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Samferdsel

Foto: Signe Kråkevik

Venstre vil arbeida for ferjefri Kyststamveg mellom Bergen og Stavanger. Ein føresetnad for dette er bygging av bru frå Stord til Tysnes over Langenuen og vidare vegsamband over Tysnes til Fusa.

Eit tenleg kommunikasjonsnett og eit godt kollektivtilbod er ein viktig føresetnad for å halda oppe og vidareutvikla busetnadsmønsteret og næringslivet i Hordaland. Venstre vil føra ein samferdslepolitikk som gjer det enklare og meir effektivt å koma seg fram i Hordaland, mellom anna for å sikra samanhengande bu- og arbeidsmarknadsregionar.
Samstundes må miljø- og helseproblem som følgje av vegtrafikk løysast med målretta tiltak. Venstre vil difor prioritera veginvesteringar retta mot tryggleiks- og miljøinvesteringar, vedlikehald, rassikring og andre trafikktryggleikstiltak.

Venstre vil at barn og ungdom skal vera flittige brukarar av kollektivtilbodet. Difor vil vi verna ungdomskortet og styrka dette. Me vil og arbeida for rabattordningar på busskort for barn. Studentkortet må verta betre og billegare.

Samferdsel

Foto: Ottar Kaasa

Den største utfordringa framover er å få fleire som bur i og rundt Bergen til å reisa kollektivt. Dette betyr at ein må prioritera tiltak som gir auka kvalitet på våre kollektive transportmiddel. Buss vil i mange år framover vera hovudpilaren i kollektivtrafikken. Venstre vil arbeida for at bussane skal koma langt raskare fram og såleis verta meir attraktive. Dette krev mellom anna ei satsing på prioritering i lyskryss, nye korte og lengre kollektivfelt og eventuell bruk av såkalla sambruksfelt. Målet må vera at bussane, etter innføring av nytt billettsystem våren 2008, nyttar 25 prosent mindre tid på rutene i tettbygde strok enn i dag.
Venstre vil at bybanen skal verta berebjelken i kollektivsystemet i Bergen, og vil byggja bybane til alle bydelar. Arna må få dobbelt jernbanespor, og dette må sjåast i samanheng med bybanesystemet.

Etter Venstre si oppfatning må bybanen utvidast til nabokommunane med prioritet til Knarvik og Straume, og seinare til Os og eventuelt til Askøy. Bybanen til Knarvik bør etter kvart óg gå til Frekhaug. Hurtigbåten mellom Kleppestø på Askøy og Nøstet i Bergen må også få status som ein del av bybanesystemet, i alle høve inntil ein slik status eventuelt kan avløysast av ei skinnegåande løysing.

Venstre meiner det trengs eit betre vegsamband frå Nordhordland til Bergen, og på riksvegane i Nordhordlandskommunane. Difor støttar Venstre initiativet "Nordhordlandspakken". Venstre går inn for både Eikåstunnelen og Nyborgtunnelen i Åsane for å skapa ein sikrare og meir effektiv trafikkavvikling. I arbeidet med Nyborgtunnelen må ein sikra plass til framtidig bybanetrase.

Venstre støttar planane om eit nytt Sotrasamband under føresetnad av at ein tek bybanetrase med i planlegginga. I utgangspunktet ynskjer Venstre det sørlege alternativet, og at den noverande Sotrabrua vert utvida med bybanetrase.

Venstre går imot biltunnel gjennom Ulriken fordi den vil føra til auka trafikk inn til Bergen sentrum. Med dobbelt jernbanespor vil ein slik tunnel heller ikkje vera naudsynt for innbyggjarane i Arna. For å betra vegnettet frå Arna, meiner Venstre at Ringveg Aust bør byggjast med ein tunnel frå Grimen-området til Midttun/Hop-traseen.

Dette prosjektet vil dessutan fjerna gjennomgangstrafikken frå Bergensdalen og vil letta trykket på vegnettet frå Åsane til Bergen sentrum. Såleis er Ringveg Aust eit miljøprosjekt, mens Arnatunnelen er det motsette.

Ved alle kollektivterminalar, med unnatak av i Bergen sentrum, må det etablerast "park and ride" anlegg med god kapasitet. Det vil seia gratis parkering for folk som reiser vidare med kollektive transportmiddel.

Det er viktig å sikra god informasjon om rutetider. Mellom anna bør det vurderast utbygging av digital informasjon på større haldeplassar, med informasjon om rutetider m.m. Dessutan bør det opprettast ein eigen nettstad etter modell frå Oslo som inneheld ruteinformasjon for alle kollektivtransportmiddel i fylket.

Bergen kommune har ei rekkje andre utfordringar knytta til drifta av kollektivtrafikken i høve til resten av fylket. Samstundes er trafikken til og frå omegnskommunane til Bergen òg ein del av utfordringane i Bergen. Venstre ynskjer at Bergen kommune forvaltar kollektivtrafikken innan dei rammene som tilhøvet til resten av Hordaland føreset. Dette må føra til at det vert oppretta eit samordningsselskap for kollektivtilbodet i Bergensregionen som m.a. skal ha ansvar for å samordna tilbodet slik at ein får eit godt rutetilbod og god bruk av ressursane, slik ein tildømes har fått til i Osloområdet gjennom samarbeid i Storoslo lokaltrafikk.

Venstre ynskjer å innføra eit nytt "Miljøkort" for reisande frå Nordhordland, Sotra/Øygarden, Os og Askøy til Bergen. Dette for å gjera det meir attraktivt å reisa kollektivt på desse strekningane, slik at veksten i biltrafikken vert dempa. Det må dessutan opprettast fleire ekspressruter på naturlege pendlarstrekningar frå nabo — og omegnskommunane til Bergen.

Venstre meiner at framtidig vegutbygging i og rundt Bergen må delfinansierast med bompengar. Inntektene frå slike prosjekt må og kunne brukast til å gje kollektivtilbodet auka kvalitet, kvantitet og betre framkome. Dette gjer at vi kan få redusert takst slik at kollektive reisemidlar vert konkurransedyktige i høve til bruk av bil.

Venstre meiner at fylket må leggja kollektivtrafikken ut på tilbod når kvalitetskontrakten
går ut i 2008. Dette fordi det vil gje eit betre kollektivtilbod til dei reisande, noko som vil auka talet på kollektivreisande. Resultatet vert eit betre miljø. Gjennom tilbodskriteria vil det sikrast ei sterk offentleg styring av kollektivtilbodet i forhold til rutestruktur og pris. Det er ynskjeleg frå Venstre si side at det vert lagt opp til eit intensivsystem der kollektivselskap får bonus for fleire kollektivreisande.

Båttransport er ein viktig del av Hordaland sitt kommunikasjonsnett. Venstre vil gå inn for meir godstransport på sjø. Dette krev at overvaking, merking, og vedlikehald av seglingsleier må prioriterast høgare av omsyn til tryggleiken til sjøs. Likeeins for å redusera faren for miljøskadeleg utslepp, og syta for auka oljevernberedskap i fylket.

Venstre ynskjer å vurdera høgfartstog mellom Bergen og Stavanger, og mellom Vestlandet og Oslo. Dette vil vera eit godt alternativ til fly, binde Vestlandet tettare saman og føra til reduserte utslepp. Det er viktig å arbeida for redusert reisetid på jernbanestrekninga Bergen-Voss. På kort sikt må det gjerast nødvendige investeringar og auka kapasiteten for godstransport, for å korta reisetida på Bergensbanen ned til 4-5 timer. Dermed vil toget bli konkurransedyktig med fly på reisetid frå Bergen sentrum til Oslo sentrum (ca. 4 timer).

Dersom det samtidig vert satsa på å etablera straumuttak ved alle stolsete, mobildekning på heile togturen og andre tiltak som gjer toget meir attraktivt, vil langt fleire velja toget på strekninga Bergen-Oslo.

Venstre vil:
* sørgja for eit godt kollektivtilbod som sikrar kvalitet, kvantitet og betre framkome
* at løyve til å driva kollektivtransport skal tildelast etter tilbod
* at auka tilskot til kollektivtrafikk, gang- og sykkelvegar og trafikksikringstiltak skal prioriterast
* byggja dobbeltspor gjennom Ulriken slik at jernbanen kan bli eit framtidsretta kollektivtilbod
* at det ikkje skal byggjast vegtunnel gjennom Ulriken
* ha gratis parkeringsplassar ved trafikkknutepunkt med hyppige avgangar med kollektivtransport til og frå sentrum
* fullføra bybana til Flesland, og leggja tilrette for vidare utviding i Bergen og omegn
* prioritera rassikring, opprusting og vedlikehald av eksisterande vegnett framfor å setja i gang nye, store samferdsleprosjekt
* prioritera vegprosjekt som gjev ein klar miljøgevinst og aukar trafikktryggleiken
* leggja kyststamvegen i E 39 over Stord og ruste opp vegen mellom Nestun og Arna slik at gjennomgangstrafikken vert leia utanom Bergen Sentrum.
* arbeida for at gassferjer vert tekne i bruk på fleire ferjesamband i Hordaland, under føresetnad av at miljøomsyn må vera viktigare enn overfartstida
* prioritera opprusting av riksvegane til standard med gul stripe
* stilla krav til gode tilkomstmogelegheiter for rørslehemma og personar med barnevogner på kollektivtransport
* leggja til rette for at det blir ein overgang av godstransport frå veg til bane og sjø

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**