Eit moderne miljøfylke

Klimautfordringene me står ovanfor er enorme, men om me satsar no kan framtida bli ei rein fornøyelse.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Klimautslipp

Foto: David Ritter, sxc.hu

Venstre tek forvaltaransvaret for komande generasjonar på alvor. Det vil seia at me tek omsyn til natur- og arealressursar i eit langt perspektiv og at miljøtenking ligg til grunn i all samfunnsplanlegging og utvikling. Venstre kan ikkje godta kortsiktige disponeringar eller ressursuttak som på sikt fører til eit dårlegare miljø.

Det må utarbeidast ein forvaltningsplan for villdyr i fylket.

Avfallsproduksjon er ei alvorleg utfordring, og avfallsmengda må reduserast. For å stimulera til avfallsreduksjon, må borgarane si forbukermakt gjerast synleg. Dette kan auka forbruket av resirkulerte produkt. Så mykje avfall som mogeleg må gjenvinnast. Alle kommunar skal ha ordningar for kjeldesortering og retur av papir, glas, plast og matavfall. Det må opprettast panteordningar for spesialavfall.

Dei globale utsleppa av klimagassar aukar, og klimaet vårt er i endring. Noreg har forplikta seg til å redusera utslepp av klimagassar til 1% over utsleppsnivået i 1990 for perioden 2008-2012. Venstre meiner at minst halvparten av utsleppsreduksjonane som vi har plikta oss til — skal gjennomførast nasjonalt. Dette gjer at vi i vårt fylke — som er eit at dei fylka som har størst utslepp av klimagassar – vert stilt overfor store utfordringar for å få dette til.

Skal vi nå målet i Kyoto-avtalen må utsleppa i Hordaland reduserast vesentleg. Venstre meiner at Hordaland Fylke må laga ein plan med ein forpliktande handlingsdel for å nå dette målet. Denne planen må vere overordna andre planar, og det må årleg utarbeidast ein rapport som dokumenterer miljøtilstanden i Hordaland.

Det må satsast meir på bioenergi til oppvarming og drivstoff. Berre ein liten del av tilvoksteren i Hordaland-skogane vert nytta i dag. Venstre vil gå inn for, og støtta tiltak som t.d. skogsvegutbygging og utvikling av biobrennstoff.

Utslepp frå transportsektoren må reduserast. Venstre vil påleggja oljeselskapa å tilby biodiesel og E85 ved eit fleirtal av fyllingsstasjonane. Samstundes må det offentlege forplikta seg til å gå føre ved å ta i bruk denne typen drivstoff i størst mogeleg grad.

Venstre vil stilla krav om at ein stor del av bussane skal gå på alternativt drivstoff. I staden for å nytta gass som alternativ, ynskjer Venstre at biodiesel vert nytta i så stor grad som mogeleg. Når hydrogenbussar vert tilgjengelege, må fylket vera ein pådrivar for at slike skal takast i bruk.

Klima

Foto: Microsoft

Mange stader i Hordaland har me attraktive strand- og kystmiljø. Desse bør takast vare på for ettertida. Det er stort press i høve til bygging i strandsona i delar av fylket. For Venstre er det viktig å verna om allemannsretten. Me meiner og det må vera mogeleg å utøva ein meir lempeleg praksis der utbyggingspresset ikkje er så stort, og der den ålmenne tilgangen til strandområda er ivareteken. I denne samanheng kan det vera viktig å definera kva som er "funksjonell" strandsone.

Arealplanlegging er viktig i samfunnsstyringa. Venstre ynskjer at fylkeskommunen skal vera ein pådrivar i miljøspørsmål, og kvalitetssikra arealplanar, for å sikra at det i all planlegging vert teke tilstrekkeleg omsyn til viktige miljøsider, som jordvern og arealressursar.

Venstre krev at framføring av store høgspentliner i langt større grad må bli lagt i bakken, og ikkje bygde som luftspenn. Venstre er òg i mot ei alternativ farlei til Bergen gjennom Skjelangersundet og over Herdlaflaket då denne vil føre til store og til dels uopprettelege inngrep i marine naturverdiar.

Venstre meiner Hordaland fylkeskommune og ein eventuell Vestlandsregion må verta klimanøytral. Det vil seia at utsleppa frå verksemda til fylkeskommunen skal vera lik null gjennom bruk av utsleppsfri teknologi. Slik vert det gjeve insentiv til at fylkeskommunale einingar reduserer utsleppa sine.

Venstre vil:
* krevja at det vert gjennomført konsekvensanalysar ved alle større utbyggingar og naturinngrep
* samordna areal- og transportplanlegging med tanke på å oppnå viktige miljømål og spara areal/grønstruktur
* arbeida for å ta vare på verdifulle naturområde, kulturlandskap, kulturmiljø og matjord
* at fylkeskommunen skal ha høge miljøkrav til eigen organisasjon, t.d. ved energiøkonomisering
* støtta lokale miljøtiltak i kommunane for å skapa berekraftige lokalsamfunn
* leggja til rette for bruk og produksjon av miljøvenleg energi
* at det skal førast ein restriktiv politikk når det gjeld utviding av eksisterande og bygging av nye kjøpesenter
* arbeida for å ta vare på det biologiske mangfaldet
* ha ein restriktiv praksis for bygging i strandsona for å sikra allemannsretten. Når allemannsretten ikkje vert svekka, og viktige naturverdiar er ivaretekne, kan ein ha ein meir lempeleg praksis
* utarbeida ein plan for Hordaland med mål om reduksjon av klimagassar slik at ein klarar å oppfylla dei plikter som Noreg har teke på seg i Kyoto-avtalen. Det må vera ein forpliktande handlingsdel i planen som sikrar gjennomføring. Denne planen må vera overordna andre planar i fylket
* at alle offentlege innkjøp så langt det er mogeleg skal vera miljø eller fair trade merka produkt

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**