Til innhold
Topp fem kandidater Bømlo Venstre 2015, Anne Marie Meling/Bømlo Venstre
Framtida er venstregrøn!

Bømlo Venstre

«Me ynskjer eit utvida utdanningstilbod i regionen som er tilpassa behova til det lokale næringslivet»

Våre hovudsaker

  • Framtida er venstregrøn

    Ein framtidig kommunestruktur skal gjere Bømlo-samfunnet rusta til dei oppgåver som kommunen skal utføre, slik at innbyggjarane kan identifisere seg med og ha eigarskap til kommunen sin. Venstre meiner at Bømlo kommune klarer seg godt som eigen kommune

  • Eit miljø- og klimavenleg samfunn

    Framtida handlar om eit betre klima for oss og borna våre. Me skal verne om naturen og miljøet for å sikre ei rein og berekraftig framtid. Det er krevjande, men gjev og nye moglegheiter.

  • Samferdsel og arealplanlegging

    God infrastruktur er viktig for miljøet og næringslivet. Venstre vil at vedtekne planar skal følgjast, og vere eit verktøy for å nå kommunen sine målsetnadar. I planarbeidet skal eit miljø- og klimavenleg samfunn, kunnskap og like moglegheiter for alle, varm velferd og eit kreativ og verdiskapande Bømlo-samfunn vere inkludert.

  • Varm velferd når du treng det

    Varm velferd handlar først og fremst om tryggleik hos brukar/pasient, men og om
    rett kompetanse hos dei som utøver helsehjelp. Me meiner at eit velferdssamfunn vert best målt etter korleis me tek vare på dei svakaste. I Noreg er det ikkje lenger viktigast å gje meir til alle, men å hjelpe dei som treng det mest

  • Eit kreativt og verdiskapande Bømlo.

    Me er opptekne av gode vilkår for sjølvstendig næringsdrivande og dei mindre bedriftene, fordi velferdssamfunnet er avhengig av eit nyskapande næringsliv. Dei framtidige arbeidsplassane er enno ikkje skapte. Difor treng me ein politikk som støttar småbedrifter og entreprenørskap

  • Kunnskap og like moglegheiter

    Ein skule for kunnskap og like moglegheiter krev fagleg sterke lærarar. Difor vil Venstre gje alle lærarar påfyll gjennom systematisk etter- og vidareutdanning.

Våre folk

Fields marked with a * are required.

Meld deg på nyhetsbrevet vårt
fyll inn din epostadresse

Hei!

Få de ferskeste nyhetene, kunngjøringene og invitasjonene.
Rett fra kilden. Abonner på Venstres nyhetsbrev.
Abonner