Til innhold
Bilde med Guri Melby med teksten "Stem Venstre."

Vik Venstre

Vik Venstre vil gje fridom til den einskilde, samstundes som me skal ta vare på fellesskapet og miljøet. Me trur på skaparkraft, frivillig innsats, dugnadsånd og lokalt sjølvstsyre for å skapa eit godt samfunn.

Vik Venstre er klare til å gjera Vik til ein endå betre kommune å bu i. Ein kommune som gir omsorg når du treng det, er ein god stad å veksa opp og legg til rette for nyskaping, nye arbeidsplassar og grøn vekst.

No satsar me – saman skal me skapa vekst.

Viktige saker for Vik Venstre:

  • Å LEVA OG BU

    Menneske har ulike draumar om å bu. Vik Venstre meiner at Vik kommune skal tilby eit mangfald. God plass skal vere eit pluss ved å bu i kommunen. Vik Venstre vil leggja til rette for bustadbyggjing også utanfor byggjefelt.

    - Prøveprosjekt i samarbeid med Husbanken om byggjing av utleigebustader til ungdom/flyktningar.
    - Til eikvar tid ha oversikt på kommunen si heimeside over hus til leige og eigedomar til sals.
    - Enklare med bustadbyggjing på landbrukseigedomar der det ikkje kjem i konflikt med gardsdrifta.
    - Prøveprosjekt med nye buformer, t.d. tunbyggjing.
    - Leggja til rette for byggjing av leiligheiter.
    - Etablera fleire hyttefelt.

  • KOMMUNEREFORM

    Uansett korleis ein framtidig kommunestruktur ser ut, vil Vik Venstre arbeida for eit godt tenestetilbod, ei effektiv drift og eit levande lokaldemokrati. Vik Venstre ser i dag ikkje vinsten ved ei kommunesamanslåing. Me vil likevel arbeida konstruktivt vidare med dei ulike alternativa før vi tek endeleg stilling.

    - at bindande avtalar om Vikjafjellstunnelen ligg i botn
    - at kommunereforma må avgjerast ved folkerøysting

  • ØKONOMI OG FOLKESTYRE

    - Kvifor betala eigedomsskatt i Vik når Oslofolk slepp i Holmekollåsen?
    - Eigedomsskatt: Innan økonomisk realisme gjera stegvis reduksjon til den er avvikla.
    - Ungdommens kommunestyre skal skipast.
    - Åremål på leiarstillingar i Vik kommune.
    - Open og inkluderande kommune som tek innbyggjarane med på råd.
    - Ordførarprat på Gamalostbaren kvar månad : Tilgjengeleg ordførar som inviterer på kaffi.
    - Evaluering av delegasjonsreglementet.
    - Anbodsreglar reviderast; meir bruk av lokalt næringsliv («Me ha da i Vik»).
    - Direkteoverføring av kommunestyremøta på nett.
    - Få attende utvals- og nemndstrukturen for å involvera fleire i det politiske arbeidet .
    - Meir open sakshandsaming .
    - Prioritera vedlikehald på kommunal eigedom, t.d. måling av kyrkjene.

  • BARNEHAGE, GRUNNSKULE, VIDAREGÅANDE

    - SKULEEKSPRESS til Sogndal (For skuleelevar og pendlarar: Tilknytingsskyss frå bygdene).
    - Oppvekstsenter: Skule/barnehage i alle bygder med elevgrunnlag.
    - Symjebassenget skal vere ope.
    - Evaluering og tiltak på leikeplassane ved skular og barnehagar
    - Nyskaping/etablering: Styrka samarbeid mellom skule, næringsliv og lokalsamfunn.
    - Auka fokus på fysisk aktivitet («Sitting Is The New Smoking»).
    - Halda på dagens nivå med pedagogar og fagarbeidarar i høve barnetal.
    - Prioritera ressursar til vidareutdanning for kompetanseheving.
    - Prøveprosjekt med fjernundervisning ved mangel på kompetanse innan fag.

  • OMSORG NÅR DU TRENG DET

    - Barnevern: Skaffe fleire foster- og besøksheimar.
    - Tenleg og trygg lækjarvaktordning.
    - Gje meir hjelp til dei som treng det mest.
    - Leggja betre til rette for mottak av flyktningar.
    - Eldre må få bu heime lengst råd.
    - Vurdera å utvida kommunal fotsoneterapeutstilling.
    - Prioritera førebyggjande tiltak i høve psykisk og fysisk helse.

  • FELLES BU- OG ARBEIDSMARKNAD

    Felles bu-, arbeids- og studentmarknad med Voss/Bergen og Sogneregionen. Det må verta like naturleg å pendla frå Sogneregionen/Voss til Vik som omvendt.

    - Vikjafjellstunnelen med tverrslag til Arnafjorden må byggjast.
    - Tunnel Galden må sikrast løyvingar.
    - Skuleekspress til Sogndal.
    - Nattferje og hyppigare ferjefrekvens på dagtid.
    - Utbetring/opprusting av vegnettet frå Fresvik til Arnafjord.

  • LA KULTUREN BLØMA

    - Vere medspelar for å starte oppatt KINO.
    - Greie ut realisering av ei moderne kulturscene.
    - Kulturskulen skal ha tilbod innan song, musikk, teater, dans og idrett.
    - Idrettsskulen skal startast oppatt som del av kulturskulen.
    - Støtte til Hove-madonnaen.
    - Lys på kyrkjene når det er mørkt.
    - Friviljugsentral skal skipast.
    - Kulturkalendar oppdatert på nett til eikvar tid.
    - Premiera tiltak der dugnadsånd ligg i botnen.
    - Premiera aktivitet der dugnadsånd ligg i botn.

  • REISELIV

    - Vere medspelar for å realisera større SKITREKK.
    - Marknadsføra Vik som cruisehamn
    - Vik må vera aktiv medspelar i satsinga Visit Sognefjord/Nærøyfjorden.
    - Vik Skisenter/Vik Aktivitspark nyttast aktivt i reiselivsmarknadsføring.

  • INDUSTRI/ENERGI/GRØNT SKIFTE

    Det er lett å gløyma den tradisjonelle industrien i Vik. Her er det vekstpotensiale.
    - Gode rammevilkår for ei vidareutvikling av industrien (Grønt skifte).
    - Aktiv eigar i vidareutviklinga av Sognekraft (Nei til sal av kraftaksjar).
    - Aktiv rolle i høve fornying av Statkraft/Vikfalli sin kraftkonsesjon.
    - Arbeida for å nytte mineralførekomstane (Anortositt og talkum).

  • MILJØ OG KLIMA – Ein klimavenleg kommune

    - Byggja ladepunkt for el-bil.
    - Fiber til alle = Viktig miljøtiltak p.g.a. sparte transportkostnader.
    - Utarbeida investeringsprogram for enøk-tiltak i kommunale bygg.
    - Samarbeida med Sognekraft/Statkraft for å etablera høgare minstevasstand i Hopra/Vikja.
    - Rein og ryddig kommune, oftare tøming ved returpunkt.

  • GRØNT LANDBRUK

    - Støtta tiltak som er med på å auka økologisk produksjon.
    - Ha auka fokus på nisjer med vekst, t.d. bringebær og Gamalost.
    - Samarbeida med Vik fengsel om tiltak som hindrar attgroing.
    - Samarbeid mellom skule, eldreomsorg og «Inn på tunet».
    - Vern av matjord så langt mogeleg.