Eva Kolstad

Eva Kolstad var forbruker- og administrasjonsminister i Korvald-regjeringa 1972-73, etter at eit flertall i Norge hadde stemt nei til EEC (EF). Som Venstre-kollegaer i regjeringa hadde ho handelsminister Hallvard Eika, industriminister Ola Skjåk Bræk, finansminister Jon Ola Norbom og forsvarsminister Johan Kleppe. Det var av og til uformell samling av fleire statsråder på Eva Kolstad sitt statsrådskontor der alt frå miljøspørsmål, industri- og finanspolitikk – og likestillingsspørsmål blei drøfta. Korvald-regjeringa la fram det første grøne langtidsprogrammet i 1973, og det var Venstre-statsrådene som var dei ansvarlege.

Som statsråd måtte Eva Kolstad hanskast med lønns- og prisspørsmål, med sykepleierstreik og med å lega såra etter Venstres splittelse på Røros. For eksempel måtte ho avbryta sommarferien i 1973 for å koma tilbake til kontoret og auka subsidiane på sukker slik at prisindeksen falt og ikkje utløyste nye lønnsforhandlingar. På den tida var det vanleg at ein avtalt lønnsauke under tarifforhandlingane var knytta til ei forplikting frå staten si side om å halda prisindeksen under «den røde strek».

Antatt Oslo, 1957. Stortingsvalget.

Eva Kolstad var også kvinnesakskvinne. I eit av mange intervju blei ho spurt om når Norge ville få full likestilling. Eva svarte: «Når det er like mange kvinner som menn på morgonflyet til København». Ein må kanskje minna om at dette var i 1972, og flypassasjerane var dresskledde menneske med stresskoffert, ikkje med fritidsklede og ryggsekk. Seinare utfylte Eva biletet av kva som måtte til for å få full likestilling. Men det forenkla biletet slo slik an at sinte kvinner og menn meinte at ho let barna i stikken når mor skulle ut av heimen, og avisdebatten gjekk sin gang.

Likestillingskampen dreide seg i stor grad om økonomisk likestilling og økonomisk sjølvstende for kvinnene. Difor var utdannelse og yrkesliv viktig. Eva Kolstad hadde sørga for, via Stortinget, at gifte kvinner skulle bli skattlagt som sjølvstendige individ. Inntekta til gifte kvinner skulle ikkje koma på toppen av mannen si inntekt, og så bli skattlagt. Sambeskatninga måtte vika for særbeskatninga i 1959 etter mangeårig kamp frå Norsk Kvinnesaksforening – og frå Eva Kolstad.

Eva Kolstad tok revisoreksamen i 1945 som den einaste kvinna blant 100 menn. Ho blei statsautorisert revisor i 1946.

Alt som 18-åring melde Eva Kolstad seg inn i Norsk Kvinnesaksforening. Hennar engasjement for kvinnesak var eit livslangt engasjement. Eva Kolstad kom inn i politikken som vararepresentant til Stortinget i 1958 (1958-61 og 1966-69). Ho var medlem av bystyre og formannskap i Oslo frå 1960 til 1975. Og i 1972 blei Eva Kolstad statsråd. I 1974-76 var Eva Kolstad formann i Venstre. Ho var første kvinne i Norge som leia eit etablert politisk parti. Ho sørga for å endra tittelen frå formann til leiar, slik at nestemann, som var Hans Hammond Rossbach, fekk leiartittel. Eva blei æresmedlem i Venstre i 1987.

I 1979 blei Eva Kolstad utnemnt til Likestillingsombud, og ho hadde denne stillinga fram til 1988 då ho fylte 70 år. Verdens første likestillingsombod var eit faktum. Likestillingslova vart håndheva frå Venstres Hus der likestillingssekretariatet hadde administrasjonen.

Eva Kolstad hadde leia Oslo Kvinnesaksforening, og seinare Norsk Kvinnesaksforening frå 1956-1968, i heile 12 år. Ho engasjerte seg i det internasjonale kvinnesaksarbeidet i «International Alliance of Women» (IAW), og blei medlem av styret. Då Norge i 1968 skulle foreslå kandidat til FNs Kvinnekommisjon var Eva Kolstad den sjølvsagte kandidaten, og ho var med i FNs Kvinnekommisjon fram til 1975 – i fleire perioder som nestleiar. Eva Kolstad hadde ein viktig internasjonal posisjon i FN i den perioden som blir kalla for kvinnesakens gullalder. Med FNs kvinneår i 1975 og FNs kvinnetiår 1975-1985.

I Norge gjorde også Eva Kolstad ein stor innsats i denne tida. Eva leia arbeidsutvalget for markering av Kvinneåret, og ho fekk mykje ros for evnen til å byggja bru mellom den gamle og den nye kvinnebevegelsen. Eva Kolstad blei æra og belønna med kommandør av St Olav i 1983 og alt i 1976 fekk ho St Halvard.

Til Eva Kolstad sin 70 års dag i 1988 blei det gitt ut eit festskrift i bokform til verdens første likestillingsombud, etter initiativ frå Norsk Kvinnesaksforening og med mange bidragsytarar. Tittelen på festskriftet var Underveis, og Eva hadde bestemt at det skulle vera eit festskrift som skulle handla om kvinnespørsmål, ikkje om henne.

I mars 1999 året etter døde Eva Kolstad stille. Svært stille. Eva ville ikkje ha nokon begravelse. Ho ville ikkje ha noko eiga grav. Eva ville minnast for det ho hadde utretta i livet. Det blå skiltet som 8.mai 2018 blei satt opp på Venstres Hus, nokre meter frå Eva Kolstads gate, er eit minnesmerke over Eva, som var kvinnesakens nestor og bannerfører i meir enn 50 år.

Forfatter: Berit Kvæven