Til innhold

Alfred Bjørlo

Alfred Bjørlo

Vi som bur på Vestlandet er plassert midt i smørauget for det nye, grøne næringslivet som vil vekse i åra framover.

Alfred Bjørlo er stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane.

Alfred er gift og har to born, bur på Bjørlo i Stad kommune (3 km frå Nordfjordeid). Han er fødd og oppvaksen på Eid, studerte og tok hovudfag i biologi på Universitetet i Bergen på 1990-talet. I 1999 gjekk turen over fjellet til Oslo, der Alfred var rådgjevar for Venstre i Næringsdepartement, Samferdsledepartementet, på Stortinget og i næringslivet til 2007. I 2007 flytta han heim til Eid med to små born.

Frå 2007 til 2011 var han dagleg leiar i Måløy Vekst og arbeidde med å få fart på næringsutviklinga på kysten. I 2011 vart han vald til ordførar i Eid og har vore ordførar i Eid/Stad frem til han i september 2021 ble vald inn på Stortinget. Samtidig har han site på Fylkestinget i Sogn og Fjordane/ Vestland.

Alfred likar også godt å vere ute og nyte naturen, trene og halde meg i form. Har spelt kornett i Eid Musikklag sidan han flytta heim. Likar å lese og høyre musikk (helst rock), og slappe av med gode tv-seriar eller podcast på øyret.

Alfreds viktigaste motivasjon for å stille til val til Stortinget for Venstre i 2021, var at han er 100% distriktsoptimist. No trengs meir enn nokon gong tydelege, tøffe politikarar som «brøytar veg» for ein ny og moderne distriktspolitikk nasjonalt.

Alfred brenn for at langt fleire enn i dag skal oppdage kor gode kvardagsliv det går an å leve utanfor dei største byane. “Vi som bur på Vestlandet er plassert midt i smørauget for det nye, grøne næringslivet som vil vekse i åra framover. Då må staten og sentralmakta i Oslo vere med på laget: Statlege arbeidsplassar og utdanning må desentraliserast, vi må gjere livet enklare for dei som startar og driv små bedrifter – og vi må gje folk meir fridom og større armslag i kvardagen”, seier Alfred.