Til innhold

Åsta Årøen

Vestland skal vere i førarsetet på grøn omstilling og verdiskaping, og vi skal og vere det beste utdanningsfylket for ungdom i vidaregåande opplæring og lærlingeperiode. Vi i Vestland Venstre tek Vestland vidare. Eg trur Vestland har noko unikt som kjem heile landet til gode, kysten vår er vend mot Europa, og vårt landskap med fjord, fjell og hav har gjeve oss både skaparevne og eit mangfaldig næringsliv. Vestlendingen er vand til å ordne opp sjølv, og slik skal det fortsatt vere. Vi på fylket skal vere ein god og lyttande medspelar folk og lokalmiljø, og også legge til rette for eit godt sikkerheitsnett for dei som treng det.

Eg kjenner Vestland godt, både gjennom politisk arbeid over mange år, men også i kraft av at eg har budd og virka både her og der i regionen. Eg er oppvaksen i Stryn, i Nordfjord, og eg gjekk vidaregåande på Firda i Gloppen. Vidare har eg har studert og arbeidd i mitt vaksne liv i Bergen og i kommunane rundt Bergen.

Åsta Årøen er gruppeleiar for Vestland Venstre ved fylkestinget.

  • Bur på Laksevåg i Bergen.
  • Utdanna jurist, samt master i verdibasert ledelse, samt Nordisk mellomfag.
  • Medlem av styret i Laksevåg Venstre.
Tidlegare politiske verv:
  • har vore leiar for Vestland Venstre
  • har vore i Bystyret i Bergen i to perioder (der ho blant anna har fungert i komite for kultur og næring, helse og sosial og som komiteleiar for skule og barnehage, samt gruppeleiar for Bergen Venstre)
  • leiar og nestleiar for Hordaland Venstre
  • var leiar for Norges Venstrekvinnelag i perioden 2010-2015 . Før dette leiar i Hordaland Venstrekvinnelag.
  • var også 1. vararepresentant til Stortinget for Hordaland i perioden 2013-2017. Hun var styreleder for Røde Kors Askøy i 2010-2015.

Andre tidligare verv, m.a. 1. nestleiar i Hordaland Røde Kors (2016-2018). styreleiar for Røde Kors Askøy i 2010-2015. I tillegg var ho første vara i styret til FOKUSKvinner 2017-2018, samt diverse utvalsarbeid i same organisasjon der før og etter.

Andre tidlegare arbeidsgjevarar m.a.: Hordaland Røde Kors, Kirkens Bymisjon, Felles Ansvar, 2. linjetenesta i Barnevernet.

Fritidsinteresser: Litteratur og friluftsliv.

Brenn for: Fridom for den enkelte, ansvar for kvarandre.