Til innhold

Bjørnar Berge

«Vekst og trivsel i heile kommunen!»

Født i 1975, busett i Syvde og gift med Monja. Har fire born i alderen 30, 24, 20, 11 og to bonusborn på 12 og 5. Arbeidar til dagleg på Sibelco som elektroformann. På fritida prøvar han å blåse nokolunde rett lyd i tubaen til Syvde skulekorps. Han er også med i styret i VFK og driv saman med fleire med vedlikehald på anlegget på Eidsåvoll. Har vore vara i kommunestyret i perioden 1996-1999 og 2015-2019 Har fast plass i kommunestyret i inneverande periode 2019-2023. Vanylven er ei stor, vidstrakt og flott kommune – ynsket hans er at kommunen held fram å både utvikle nye aktivitetstilbod samt behalde alle dei flotte tilboda som allereie er sett i verk.

Det skal vere godt å bu i heile Vanylven! Frå fremst i dalane til yst ute på nesa våre. Skal ein klare å auke trivselen er det viktig med gode og tilstrekkelege tilbod innan samferdsel, fritidsaktivitetar, skular, barnehagar, ambulanse, brannberedskap, helsetilbod og omsorgstenesta. Vi må gjere det enkelt for nye bedrifter å etablere seg og skape vekst i kommunen, i tillegg til å støtte og legge til rette for dei bedriftene som allereie skapar vekst og arbeidsplassar.

Vi er ikkje berre opptekne av vekst, men av at veksten skal vere berekraftig og skape eitt godt miljø for seinare generasjonar – Vanylven skal vere ein stad med høve til å vere både innbyggar, tilflyttar og heimflyttar med tru på ei god framtid. Skulestruktur er eit heitt tema om dagen – og ei av hjartesakene hans. Han meinar at vi er godt tjente med å behalde strukturen slik den er i dag, med barneskular på Åheim, Fiskå og Syvde, samt ungdomskular på Åheim og i Syvde. Kva gjeld trivsel på skulen er det viktig å sørge for eit godt læringsmiljø, med høg standard på skulebygga.

Han håpar at vi alle saman kan jobbe ilag for å gjere Vanylven til ein god plass å bu også i framtida! Han ynskjer sjølvsagt at du stemmer på Venstre! Men same kva parti og kandidatar du røystar på vil han ynskje deg eit godt val!