Til innhold

Eskil Nerheim

Noko eg brenn for er at det må bli enno fleire suldøler, som kan bidra på ein positiv måte til å styrkja samfunnet vårt.

Mitt namn er Eskil Nerheim, eg er 37 år, fødd og oppvaksen i Suldal, og jobbar som lærar på ungdomsskulen på Sand. Dei siste fire åra har eg vore representant for Venstre i kommunestyret og formannskapet i Suldal.

Suldal er ein god stad å bu. Me er eit folkeferd av flinke, positive og varme menneske som vil kvarandre godt. Noko eg brenn for er at det må bli enno fleire suldøler, som kan bidra på ein positiv måte til å styrkja samfunnet vårt. Difor er eg oppteken av at me framleis må ha fokus på nok bustadtomter til dei som vil ha, at det er skular og barnehagar kringom i alle grendene våre, at næringslivet har gode høve til å skapa vekst, og ikkje minst at me tek vare på den fantastiske naturen me har. Det er av den me lagar oss liv. Landbruk, fiske, turisme, bergverk, skogbruk. Både som primærnæring og sekundærnæring.

Eg ynskjer å vera representant for deg som vil at Suldal framleis skal utvikla seg i positiv retning. At me tek godt vare på naturen vår. Då er me nøydd til stundom å la naturen sin eigenverdi vera viktigare enn økonomisk vinst. Eg vil at dei som flyttar til kommunen skal ha attraktive tomter å byggja hus på. Eg vil at me skal ta i mot dei menneske som ikkje har det godt og treng ei trygg hamn.

Ta eit val for naturen og for Suldal. Stem Venstre!

Godt val!