Til innhold

Fride Sortehaug

Fride Sortehaug er 31 år og bur på Lerstad. Ho har politisk erfaring som varaordførar i Volda (2015-2018), tidlegare varamedlem til fylkestinget, styremedlem i KS Møre & Romsdal, tidlegare leiar i Møre & Romsdal UV og styremedlem i Volda Venstre. Sortehaug er aktuell som 4. kandidat for Ålesund Venstre.

Hjartesaker:

1. Moderne og grøne Ålesund: utvikle Ålesund til ei moderne og attraktiv kommune for unge å etablere seg i og flytte heim til.

2. Tidleg innsats: styrke og vri ressursar for å nå barn og unge tidlegare gjennom forebygging og tilrettelegging.

3. Meir fokus på mennesker, mindre på bil: Utvikle gode bomiljø og drive bevisst stadsutvikling for å tilrettelegge for god folkehelse blant alle aldersgrupper.

4. Trygg skuleveg: Sikre alle born og unge trygg ferdsel og gode alternativ langs skulevegar.