Til innhold
Ålesund Venstres kumulerte kandidatar. F.v. Nadarajah Gunapalan, Fride Sortehaug, Kari Grindvik, Alvhild A. Bjørge, Hans Endre Sæterøy, Arild Antonsen og Kristian Stråmyr. Ikkje på bildet: Håvard Urkedal. Foto, Arnstein Sæthre
På lag med framtida.

Ålesund Venstre

Ålesund Venstre går til val på eit framtidsretta program som handlar om både fornying og bevaring. Vi skal ta vare på og forvalte dei naturgitte gåvene, men òg det som er skapt av menneske før oss, med tru på framtida.

Venstre vil mykje, men det viktigaste er: At dei grunnleggjande tenestene fungerer; at skulen er god og eldreomsorga verdig, at vanskelegstilte og andre som treng det får hjelp, at teknisk sektor leverer som den skal og at kommunen skal vere ein god arbeidsgjevar.

Våre hovedområder

  • Eit grønare Ålesund med Venstre

    Etablering av landstraum på dei mest trafikkerte hamnene.

    Auka frekvens og krav om nullutsleppsfartøy på hurtigbåtrutene.

    Reint hav , strandrydding og trygg handtering av plast.

  • Venstre satsar på skulen

    Skulane må bidra til å skaffe næringslivet rett kompetanse for framtida. Dette oppnår vi ved å legge opp til tett samarbeid mellom kommunen, skulane og næringslivet.

    Både grunnskule og vidaregåande/høgskule må styrkjast slik at elevar og studentar kan få eit godt og trygt læringsmiljø for framtida.

  • Gode helse- og omsorgstilbod

    Ålesund Venstre erkjenner at einsemd er ei aukande utfordring for mange i samfunnet i dag.

    Ålesund skal ha gode omsorgstenester og tilbod på alle trinn i omsorgstrappa. Kvardagsmeistring for alle er målet!

    Vi skal legge til rette for at alle får vere aktive heile livet.

  • Næringsliv

    Ålesund Venstre vil legge til rette for tilgjengelig næringsareal for utviding og nyetablering i heile kommunen, og utarbeide næringsstrategi etter Harams-modellen.

    Kommunen skal ha ein aktiv næringspolitikk og støtte opp under nye og gamle næringsklynger i regionen, samt styrke tilbodet til nye bedrifter og gründarar.

Våre folk