Til innhold

Irene Storøy

Som folkevald politikar er eg oppteken av at folket skal bli høyrt og sett.

Eg er 42 år gamal, bur i Rugsund, er sambuar og har 2 jenter på 22 og 16 år.
Eg har vore kommunestyrerepresentant sidan 2015. Grunnen til at valde å bli med i Venstre var lokalpolitikken som Venstre har ført i Bremanger. Som folkevald politikar er eg oppteken av at folket skal bli høyrt og sett.

Hjartesaker
-Alle menneske er like mykje verdt. Eg har vore leiar for rådet for menneske med nedsett funksjonsevne denne valperioden, det er viktig at denne brukargruppa ikkje vert gløymde!
– Ein desentralisert skule- og barnehagestruktur.
-Eg skulle ynskje at Bremanger kommune hadde musikkterapeutar som kunne jobbe både i pleie og omsorg og i skule/barnehagar.