Til innhold

Jon Frogner

Ordførarkandidat Stad Venstre 2023, Jon Frogner

Folketallsvekst, for å sikre levande bygder og nærleik til kommunale tenester. Med eit grønt hjarte.

Etter å ha vekse opp i Asker, og budd i Oslo-området heile livet, flytta eg med familien til Ervika på Stadlandet i 2010. Eg driv eit kommunikasjonsselskap, Maskinen, og har ni kollegaer i hovudstaden. Eg jobbar mykje over internett heimefrå. Stad er ein fantastisk plass å leve – med berre hav og fjell på alle kantar. Eg set pris på dei mange store og små kulturopplevingar i heile Nordfjord, og har hytte i Harpefossen.

Det er ei stor politisk oppgåve å sikre framtida i bygdene. Det bør bli mykje enklare å etablere seg her med arbeid og ein stad å bu, for dei mange som ønsker det. Eg er med i politikken for å gje fleire gleda av eit moderne liv på bygda, og for gjennomføre grøne og betre løysingar.

Eg melde meg inn i Venstre i 2017, fordi det er eit miljøparti med høg truverde, og evne til samarbeid. Etter mitt syn står Venstre for det beste frå høgre og venstresida i politikken; fridom for den einskilde og ansvar for kvarandre. Mangfald, toleranse og spreiding av makt. Dei som treng hjelp og omsorg skal få det. Og verda treng demokratiske overnasjonale samarbeid for å løyse felles utfordringar, ikkje i staden for lokal og nasjonal politikk, men i tillegg til.

Folketalsvekst er jobb nummer ein for å sikre gode offentlige tenester og ein sunn økonomi i heile Stad kommune.