Til innhold

Leif Kjetil Lorentzen (1980)

Leif Kjetil har budd i Sykkylven nesten heile livet, berre til å ta utdanninga si som maskinist og kuldeteknikar valgte han storbyen Trondheim ein liten periode som bustad. No bur han på Skjerva i lag med samboer og tre jenter. Sidan 2005 har Leif Kjetil hatt arbeidsplassen sin på Island Offshore som maskinist.

Leif Kjetil bruker mykje av fritida si på frivillig arbeid og er mest engasjert i idretten i bygda; både som trenar og styremedlem i handballgruppa. Som tidlegare medlem i SIL sitt hovudstyre har han i mange år vore aktivt med på å skape eit breitt idrettstilbod for barn og unge i Sykkylven. Arbeidet i kommunestyret har Leif Kjetil opplevd som veldig gjevande og meiningsfullt, og han er høgt motivert til å kunne fortsette med dette arbeidet i fire år til.

Leif Kjetil er ein person som funderer over mykje som skjer i bygda og ser alltid framover når andre ser bakover. Han ser det positive framfor det negative, og med dette har vi trua på at han er ein kandidat som kan føre Sykkylven på ein framtidsretta veg.

Eg brenn for at Sykkylven skal vere ein bra og trygg plass å vekse opp på, med eit breitt utvalg av fritidstilbod både til barn, ungdom og vaksne, seier Lorentzen. -Eg ønskjer eit levande sentrum med eit breitt tilbod som kan passe for alle. Eg vil difor oppfordre alle dei som går rundt med eit ønskje om å starte ein butikk, kafé eller restaurant om å berre hive seg rundt. Alt går om ein vil det nok – vi i Venstre heier på deg!