Til innhold

Lena M. Landsverk Sande

Det er saman vi finn dei gode løysingane!

Født i 1969 i Syvde.
Giftet seg og stifta familien i Almklovdalen, Åheim. Jobba som lærer, rektor ved Åheim skule før ho vart ordfører. Ein fantastisk representant for Vanylven kommune, som vi er stolt av!

Etter valet tek ho til på sin 5. periode som lokalpolitikar. Dei to første periodene som medlem i formannskap, driftsutval og eldreråd. Etter fire års pause kom ho inn att, og har dei siste to periodene vore ordførar, medlem i formannskap og eldreråd. Har altså 16 år i eldreråd, sjølv om ho enno er i første halvdel av femtiåra.

Lena sit i kraft av ordførarvervet som styreleiar i Vanylven Verdi, Vanylven Eigedom, Vanylvssmia og Combisenteret. Ho er oppteken av at eigedomsstrukturen til kommunen må endrast, og profesjonaliserast i høve leiinga av selskapet. Desse verva er altfor viktige til at nokon skal handtere desse ved sidan av å vere ordførar.

Vanylven og vanylvingane er alltid Lena sitt hovudfokus. Å vere ordførar er krevjande og svært gjevande, i møte med menneske og med næringslivet i vår kommune. Ho satsar på eit gjenval som ordførar, og er svært spent på om vanylvingane vil gje henne vidare tillit. Ho er i tillegg 2. kandidat for Venstre i fylkesvalet. Om Vanylven sine viktige samferdselssaker skal bli løfta fram til realisering treng vi ein lokal kandidat. Dersom vanylvingane stiller opp for Lena, og brukar Venstre sin røysteseddel, så får ho sete i fylkestinget, og våre saker får ein lokal forkjempar.

Hjartesak 1: Ein god oppvekst varer livet ut:
Gode barnehagar og skular er avgjerande for at oppveksten er trygg og gir naudsynt kunnskap og sosial kompetanse. Gode minner, gode erfaringar og godt nettverk i lokalsamfunnet sikrar at fleire ynskjer å kome tilbake etter endt utdanning for å etablere seg. Fleire fagområder i barnehage og skule er god førebygging og sikrar betre oppfølging, fokus på psykisk helse og tilrettelegging frå tidleg alder. Godt samarbeid mellom helse og oppvekst er viktig frå før barnet er født, så vi må jobbe for god samhandling, ha barnet i sentrum, og vere ein god støttespelar for familiane våre. Trygge born vert trygge vaksne. Borna er framtida vår, som skal oppdra neste generasjon og bygge samfunnet vidare.
Hjartesak 2:
Ei næringsvennleg kommune i eit levande lokalsamfunn:
Lena er særs oppteken av at næringslivet har gode rammebetingelsar, då eit livskraftig og velfungerande lokalsamfunn er grunnsteinen for å skape ein levande kommune. Det er næringslivet som skapar verdiane som resten av det o­ffentlege samfunnet lever av, og vi som kommune må difor lytte og spele på lag med kunnskapen og erfaringa som ligg i bedriftene våre.
Vi ynskjer oss eit frodig og rikt kulturlandskap, matproduksjon og busetting over heile landet, som sikrar matberedskap og gir betre forsvar. Vi må vere næringsvennlege, og legge til rette for variasjon i arbeidslivet, slik at fleire finn ein attraktiv arbeidplass for begge partar i eit parforhold. Verda er i endring, og vi må legge til rette for at fleire vil velge å bu fritt og godt i vakre Vanylven.
Hjartesak 3: Samderdsel som knyt oss saman:
Rovdefjordsambandet, Sande Fastlandssamband og Stad skipstunnel er dei viktigaste samferdselsprosjekta Lena ynskjer å jobbe for å få realisert i den komande perioden. Ho er oppteken av sambandsbygging som minskar avstandane og utvidar bu- og arbeidsmarknadsområder. Vegvedlikehald er naudsynt for trafikktryggleiken, og for å jobbe vidare for nullvisjon i høve tap av liv i trafikken. For å få gjennomslag i desse lokale sakene ynskjer Lena å verte fylkespolitikar. Utan lokale polikarar som snakkar våre saker er det mykje vanskelegare med fylkeskommunale gjennomslag. Dei første sakene ho vil løfte om ho kjem på fylkestinget er vegen gjennom Eidså sentrum, fullføring av gangvegen på Tunheim, og starte prosessen med å utbetre brua på Åheim.