Til innhold

Marit Vik

Marit Vik

Bruk stemmeretten din. Det er ditt val. Di stemme kan gjere ein forskjell!

Eg flytta hit i 1996, og her har eg trivest frå dag ein! Eg klarer aldri heilt å bestemme meg for kven av øyane eg helst ville bu på. Alle fire øyane er fine, og på alle fire øyane bur det fine folk! Eit mangfald av frivillege organisasjonar, dugnadar, kultur, natur og gode arbeidsplassar, gjer livet her rikt!

Eg er mor til fem vaksne born og har hittil fått seks barnebarn, så eg har lang erfaring med omsorg, organisering og å sjå heilskap og samanheng. Til dagleg er eg tilsett som psykiatrisk sjukepleiar i kommunen, eit viktig arbeid eg set stor pris på å vere ein del av. Ein del av stillinga mi er også knytt til vervet som hovudtillitsvald for Norsk sjukepleiarforbund, NSF, i Giske kommune.

Respons er eit flott uttrykk! Det å møte medmenneske og å kome i kontakt med andre, er noko som gir meg mykje glede. Dei gode samtalane som eg veit kan gi både meg sjølv og den eg møter, eit lite lysglimt i kvardagen. Samskaping er eit anna godt uttrykk! Saman gjer vi kvarandre betre gjennom å støtte den som treng det mest, og gjennom å ta vare på naturen, havet og miljøet for dei som skal leve og bu her etter oss.

Eg stiller som ordførarkandidat fordi eg vil vere med å ta Giske kommune framover, og at her skal vere ein god plass å leve og bu for alle. Kvart barn, ungdom, vaksne og eldre, vi er alle like viktige, og eg er klar til å ta det ansvaret om folket her ønskjer det. Det vil eg gjere gjennom samarbeid, opne prosessar, lytte, lære og gjennom evne til å sette ord og vedtak ut i handling. Levande folkestyre!

Bruk stemmeretten din! Det er ditt val! Di stemme kan gjere ein forskjell!