Til innhold

Mildrid Nesheim

Med stort engasjement og brei politisk erfaring er eg veldig motivert for å gjere ein solid innsats for nye Orkland kommune!

Etter mange år utanbygdes har Mildrid Nesheim (født 1946) dei siste åra igjen budd på Løkken Verk, der ho vaks opp. Mildrid har vore lærar ved Torshus Folkehøgskule og rektor ved Hallingdal Folkehøgskule. Med stort samfunnsengasjement og breitt interessefelt har ho vore politisk aktiv fleire stader: Til saman har ho til no 24 år som folkevalt i Orkdal, Gol og Meldal. Hjartesakene er barn, ungdom, eldre, kultur, klima og miljø.

“I tråd med Venstres sosialliberale ideologi sett eg det enkelte mennesket i sentrum og ønskjer å gi stor personleg fridom til kvar innbyggjar” seier Mildrid. “Samtidig skal det vere sterke offentlege tenester som hjelp dei som treng det mest på ein varm og inkluderande måte”.

Aktive Mildrid har fleire verv: ho er styreleiar for Løkken Verk Montessoriskole, engasjert i eit ungdomsskuleprosjekt for jenter i India, leiar i Løkken pensjonistforening og president i Meldal Rotaryklubb – i tillegg til at ho bruker mykje tid med barnebarna.