Til innhold

Sondre Undheim Lokøy

Sondre Undheim Lokøy er tilsett som fylkessekretær i Rogaland Venstre, i tillegg er han sentralstyremedlem i Unge Venstre. Han er også nestleiar i utval for levekår i Time kommune og 1.vara til kommunestyret. Han er medlem av trafikksikkerhetsutvalet i Rogaland fylkeskommune.

Sondre har tidlegare vore fylkesleiar for Elevorganisasjonen i Rogaland i to periodar og fylkesleiar for Rogaland Unge Venstre 2022-2023.

Sondre er særleg oppteken av fridom og moglegheiter i skulen. Han kjempar for ein skule der dei liberale verdiane kjem tydelegare fram. Dette ved å gje elevane meir valfridom. Han menier at dagens antall med obligatoriske fellesfag må reduserast, og heller gje rom for fleire valfag som tek vare på og dyrkar eleveanes interesse og motivasjon. Han er òg oppteken av at skulehelsetenesten må styrkes. Elevar skal få hjelp når dei trenger det, ikkje fleire dagar, eller veker etter.

Vidare er Sondre oppteken av at det skal vere eit godt kollektivtilbud i heile fylket, òg i distrikta. Det grøne alternativet skal alltid vere det som er raskast, billegast og enklast. For at dette skal verte ein realitet må me utbetre det kollektive tilbodet rundt i heile fylket, slik dette vert eit reelt tilbud.