Til innhold

Svein Johan Hansen

Født i 1968, bur på Rovde.

Er oppteken av aktivisering av eldre og ungdom, til tilrettelegging for livskvalitet i eit samarbeid mellom etatane i kommunen.

Svein Johan har sjukdomen NMO, som er ein sjeldan betennelse i nervesystemet. Han fortel at kontrollen over føtene gradvis har blitt borte, og han er i dag avhengig av rullestol. Samtidig er det krevjande for kroppen å sitte stille i same stilling over tid, då det gir auka muskelspenningar og smerte i føtene. Naturleg nok, etter ti år med stadig forverring av sjukdomen, etter feilbehandlingar og med redusert immunforsvar har Svein Johan såleis ein del erfaringar med helsevesenet, og med utfordringane i høve transport for å kome seg nokon stad. Han ynskjer å nytte eigne erfaringar og sin kunnskap til å bidra til betre politikk innanfor helse- og omsorgsfeltet.