Til innhold

Sveinung Rotevatn

Sveinung Rotevatn

Noreg treng politikarar som tek enkeltmennesket si side i kampen mot systemet

Sveinung Rotevatn er fyrste nestleiar i Venstre og stortingsrepresentant for Hordaland. Sveinung var Klima- og miljøminister i Erna Solbergs blågrønne regjering (2019-2021). Sveinung er tidlegare stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane. Han er fødd i 1987, kjem frå Nordfjordeid og har tidlegare vore leiar i Unge Venstre frå 2010 til 2013. Han har også vore vald inn i Eid kommunestyre. Sveinung er Hordaland sin førstekandidat ved årets stortingsval.

Fridom

Rotevatn har markert seg som ein tydeleg forkjempar for liberale rettar, og er oppteken av ideologi.

– Eg stiller til val for Venstre fordi eg meiner Noreg treng politikarar som tek enkeltmennesket si side i kampen mot systemet. Politikarar som vil la vanlege folk vere litt meir i fred. Eg trur på eit mangfaldig samfunn, der vi alle får fridom til å finne vår eigen veg til det gode liv, seier Rotevatn.

Sats på kunnskap

Venstre vil ha ein skule for kunnskap og like moglegheiter. Det krev fagleg sterke lærarar og elevar som får tillit til å meistre. Borna våre fortener ein god skule, difor satsar Venstre på læraren.

Ta grøne val

Klimakrisa kan løysast. I dag tek vi val som får konsekvensar for våre born og barneborn. Ambisiøs miljøpolitikk handlar om omsorg for folk vi er glade i. Venstre vil gjere det enkelt og lønsamt for deg å leve miljøvenleg.

Sveinung Rotevatn er særleg engasjert i miljøpolitikk, personvern, utdanning og internasjonalt samarbeid.

Høyr portrettintervju med Sveinung i NRK P2s Politisk portrett:

Politisk portrett med Sveinung Rotevatn, 3. august 2017