Til innhold

Sylvia Hammersvik

Sylvia Hammersvik

Brenn for å forvalte naturen på ein god måte - og gode, aktive og miljøvenlege oppvekstvilkår for born og unge.

Eg er fødd i Florø, har vokse opp i Vågsøy, og bur på Stårheim, på ein idyllisk plass med fjøs, uthus, stabbur og våningshus som rammar inn ein triveleg uteplass. Utdanna klinisk sosionom. Er no pensjonist. Har 3 vaksne barn og 6 barnebarn.

Eg har vore politikar i mange år: Vore gruppeleiar i kommunestyret, leia eit hovudutval, og vore barnas talsperson i plansaker. Har sete i fylkestinget, medlem i fylkets samferdselutval og TSU. Sat i styret for Atlanterhavsvegen i 9 år.

Eg er i politikken fordi eg meiner det er viktig å ta samfunnsansvar. Eg er oppteke av fleire sakar; gode kulturtilbod, trafikktrygging, gang- og sykkelvegar, og nok og varierte bustadtomte, varierte arbeidsplassar, miljøomsyn, og gode oppvekstkår.

Venstre er mitt parti fordi det er lov å ha andre meiningar enn fleirtalet, og partiet har alltid sett miljøvern inn i ein samfunnssamanheng.  Partiet har i alle år vore truverdig i arbeidet for miljøet.