Uttalelse: Nei til ville dyr i Sirkus

Stavanger Venstre vil forby bruken av ville dyr i sirkus. Det vedtok årsmøtet 2014 like før helgen. Les hele uttalelsen i sin helhet her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Elefant i lenker

Forbod mot elefantar i sirkus har blitt innført av fleire titals land. Det gjeld naboland som Finland, Sverige og England, så vel som meir fjerne nasjonar som Kina og India.

Mattilsynet har fleire gonger komt med framlegg om å forby ei rekke ville dyr i sirkus, med bakgrunn i Stortingsmeldinga om dyrevelferd(2003) og utgreiingar frå Vitskapskomiteen. Høyringsrunden viste at 90 prosent av høyringsinstansane var einige i framlegget til Mattilsynet. Åtferdsekspertar var spesielt einige i framlegget, og mange leiande ekspertar på åtferda til sirkusdyr har uttalt at dyr som elefantar har det så ille i sirkus at det ville vore meir etisk om dyra ikkje var levande i det heile tatt. Veterinærinstituttet har konstatert at dei "er bekymret for velferden til alle dyr som holdes i omreisende sirkus".

Venstre har lenge vore ein pådrivar nasjonalt for å forby ville dyr i sirkus. Likevel har verken faglege instansar eller politiske organisasjonar kome nokon veg. I England såg ein at det nasjonale forbodet mot ville dyr i sirkus kom først når nok kommunar tok initiativ til å ikkje leige ut kommunale tomter til sirkus med ville dyr. Same tendensen ser ein i Noreg, nå som Tromsø, Oslo og Arendal har lagt ned forbod mot eksotiske dyr i sirkus på kommunale tomter. Sjølv om Landbruksdepartementet ikkje vil høyre på tunge fagrapportar og internasjonale ekspertar, så bør Stavanger gjere det, og vere neste i rekka av kommunar som står opp for dyrs rettar.

Stavanger Venstre vil:
•Oppmode staten til å forby ville dyr i sirkus
•Stoppe utleige av kommunale tomter til sirkus med ville dyr

Elefant i sirkus
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**