Ludvigsen på topp for Venstre: Vil ha velferdsreform

Stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen er renominert på toppen av lista til Sogn og Fjordane Venstre. — Styrking av lokaldemokratiet gjennom nye og sterkare kommunar, som òg kan overta fleire velferdoppgåver frå staten, blir kampsaker for meg og Venstre, seier Ludvigsen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Gunvald Ludvigsen

Gunvald Ludvigsen

Sterkare kommunar, meir fagleg kompetanse og ei betre kommunehelseteneste er naudsynt for å avlaste sjukehusa. Han trekk fram særleg tre faktorar:

Behandling nærare folk
– Vi må styrke fastlegeordninga, utføre meir behandling i primærhelsetenesta og sette av fleire plassar ved sjukeheimane til pasientar som er ferdigbehandla ved sjukehusa. Lege- og sjukepleiarressursane på sjukeheimane må styrkast, lokalsjukehusa må styrkast og samhandlinga mellom spesialist- og primærhelsetenestenivået må betrast og systematiserast, seier Ludvigsen. Han er heilt klar på at om ein skal løyse utfordringane i helsesektoren, må folk flest få behandling i nærleiken av der dei bur.

– Dei siste åra har vi pøst pengar inn i sjukehussektoren, men utfordringane og ventelistene på sjukehusa har ikkje blitt mindre. Eg meiner bestemt at sterkare kommuner og ei betre kommunehelseteneste er ein riktig veg å gå.

Forsterka helseteneste
Ludvigsen vil ha ei velferdsreform hvor fleire helse- og omsorgstenester, pengar og fagfolk vert flytta til ei forsterka helse- og sosialtjeneste i kommunane.

— Då kan vi gje behandling, pleie og omsorg i folks nærmiljø, slik at vi får eit betre tilbod og auka verdigheit spesielt i livets siste fase. Nærleiken til brukarane gjev og moglegheit til å aktivisere det frivillige hjelpeapparatet i samarbeid med det offentlige.

Færre og sterkare kommunar
Norge er delt inn i 430 kommunar. Heile 162 av dei har færre enn 3000 innbyggjarar.

Det er for mange små kommunar som ikkje har kraft nok og fagfolk nok til å ivareta befolkninga sine framtidige helsetenesteutfordringar. Sterkare og færre kommunar, gjerne kalla helsekommunar, er difor ein føresetnad for ei naudsynt velferdsreform, seier Ludvigsen.

 Janne Sørum, Gunvald Ludvigsen og Bjørg Mikalsen

Janne Sørum, Gunvald Ludvigsen og Bjørg Mikalsen
Foto: Linda Ness Rotihaug

Venstre si Stortingsvalliste for Sogn og Fjordane
1. Gunvald Ludvigsen, Eid
2. Bjørg Mikalsen, Flora
3. Janne Sørum, Leikanger
4. Gunhild Berge Stang, Askvoll
5. Magnar Aasebø, Vågsøy
6. Sindre Roska, Førde
7. Astrid Taklo, Leikanger
8. Johnny Haugsbakk, Fjaler
9. Louis Anda, Sogndal
10. Marianne Øren, Lærdal
11. Sveinung Rotevatn, Eid

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**