Video fra Venstres pressekonferanse om Alternativt statsbudsjett 2024

-eit budsjett for barnefamiliane og grøn omstilling

Venstre har lagt fram eit alternativt statsbudsjett for 2024 som viser ein klar visjon for Noreg. Medan regjeringa held fast på gamle løysingar, er redd for å fornye velferdsstaten og finansierer offentleg sektor med høgare skattar for folk og næringsliv, vil Venstre ha eit omfordelande, grønt og ansvarleg budsjett som tek Noreg framover. 

– Venstre vil ha eit samfunn der vi bryr oss om kvarandre. Som eit liberalt parti er det viktig for oss å kjempe mot fattigdom og utanforskap. I Noreg bur 11,3 prosent av barna i familiar med låg inntekt over tid. Det er om lag 110.700 barn. Dette er urovekkjande tal. Å vekse opp i fattigdom kan føre til mindre deltaking i barnehage og fritidstilbod, dårlegare bustad, svakare skuleresultat, mindre utdanning og dårlegare helse. Vi kan ikkje godta at barn blir ståande utanfor fellesskapet, seier Guri Melby, leiar i Venstre.

– I år kom det ei ekspertgruppe med råd om korleis vi kan hjelpe barn i fattige familiar. Dei foreslår å auke barnetrygda og skattlegge ho, og å innføre løpande barnehageopptak. Venstre meiner dette er gode forslag. Barnetrygda er ei yting som når mange barnefamiliar, og vi vil difor auke ho mykje og skattlegge ho. Slik sørgjer vi for at folk med låg eller ingen inntekt får meir pengar kvar månad, slår Melby fast. Ho fortel også at Venstre støttar regjeringa sitt forslag om å senke maksprisen på barnehage til 2000 kr.

Kutter den offentlege pengebruken og lettar skattetrykket 

– Vi står overfor ei tid med høg inflasjon. Det krev at pengepolitikken får støtte frå finanspolitikken, slik at vi ikkje får auka kostnadar for folk og bedrifter. Difor vil Venstre kutte i den offentlege pengebruken med 7,4 milliardar kroner neste år, og vi vil ta ut nesten 3 milliardar kroner mindre frå oljefondet, seier finanspolitisk talsperson, Sveinung Rotevatn.

– Vi vil også lette skatte- og avgiftstrykket, med ein samla lettelse på 4,6 milliardar kroner. Vi prioriterer særleg å kutte i skattar og avgifter som rammar næringslivet. Regjeringa har auka formuesskatten kraftig for norske bedriftseigarar, og innført ei skadeleg ekstra arbeidsgivaravgift på høge inntekter. Venstre vil fjerne heile den ekstra arbeidsgjevaravgifta, som gir ein skattelette for bedriftene på 8,3 milliardar kroner, og vi vil kutte i formuesskatten med 2 milliardar kroner, seier Rotevatn.

Grønt skatteskifte og auka konkurransekraft 

– Samtidig vil vi gjere eit grønt skatteskifte, der CO2-avgifta og andre miljøavgifter vert heva til eit nivå som sikrar at vi når klimamålet for 2030. Å velje grønt skal løne seg, både for forbrukarar og næringsdrivande, fortel Rotevatn.

– I motsetning til regjeringa, innanfor ramma av eit ansvarleg budsjett, har vi funne rom til fleire målretta satsingar for å styrke norsk konkurransekraft, gjennomføre det grøne skiftet, byggje kunnskapssamfunnet og redusere fattigdom heime og ute, avsluttar Sveinung Rotevatn.