Venstres ledertrio: Trine Skei Grande, Ola Elvestuen og Terje Breivik, Foto: Jo Straube / Venstre

Ikkje meir uthaling av Stad Skipstunnel!

Venstre aksepterer ikkje meir uthaling av Stad Skipstunnel. Vi har grundig dokumentasjon på at det er god samfunnsnytte i å bygge ein skipstunnel gjennom Stad. Skipstunnelen er eit spektakulært reiselivsprosjekt i tillegg til at det gir tryggleik for sjøfarande og store innsparingar for næringslivet. Venstre vil arbeide for å få rask finansiering på plass — om nødvendig vurdere alternative finansieringsløysingar.


SINTEF har vist, gjennom nye analyser av samfunnsreknskapen, at Stad Skipstunnel har stor samfunnsverdi — også om det vert rekna i kroner og ører. Venstre meiner dei mange utgreiingane er uthalingstaktikk frå styresmaktene si side og at prosjektet no må startast på snarast.

I tillegg til tryggare ferdsel for dei som skal passere Stad, vil Stad skipstunnel opne for eit heilt nytt trafikkmønster på Vestlandet. Meir gods som må raskt fram kan gå sjøvegen, det kan bli hurtigbåttrafikk mellom Ålesund og Bergen, hurtigrutene får meir passasjerar og reiselivet får ein ny og stor attraksjon som vil gi eit løft for reiselivsbedriftene våre.