Årsmelding for Haram Venstre 2014

Til handsaming på årsmøtet 17. januar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


I meldingsåret har det vore jamn aktivitet i laget sjølv om det ikkje er eit valår. Vi har avvikla fem kombinert gruppe- og styremøter i tillegg til eit nominasjonsmøte. Alle møta blei haldt i det vanlege lokalet på Vatneeidet og var ope for alle interesserte.

Fv. Thomas, Ole Johan, Malin, Eili og Kristian.

Foto: Kjetil Fiskergård

Årsmøtet var på Kulturkafeen i Brattvåg 14. januar, der vi òg markerte laget sitt 130 års jubileum. For 2014 blei Ole Johan Høyberg og Thomas Vadset vald til høvesvis formann og nestformann med Kristian Stråmyr som sekretær, Eili Å. Arntsen og Malin Storholt som ordinære styremedlemar og Håvard Urkedal som UV representant i styret. Årsmøtet valde tidlegare formann og kasserar Norunn Wuttudal til revisor.

Nominasjonsmøtet 11. oktober utarbeida ei liste med til saman 18 namn, som sidan har blitt redusert til 14. På topp sette dei Kristian Stråmyr som ordførarkandidat, og Håvard Urkedal og Malin Storholt som kumulerte kandidatar i ordna rekkjefylgje.

Abid Q. Raja, Kristian Stråmyr og Pål Faratad.

Foto: Britt Giske Andersen

Ei sentral hending dette året var vitjinga av stortingsrepresentantane Pål Farstad og Abid Q. Raja 20. mai for å få betre kjennskap til Nordøyvegen. Lokalt deltok Kristian Stråmyr saman med fleire sentrale Venstre-politikarar frå fylket.

På det lokalpolitiske planet har formann Ole Johan Høyberg møtt i fire planutval- og formannskapsmøter medan Stråmyr har møtt som vara fire gongar for Høyberg i kommunestyret og Thomas Vadset har møtt fast i kulturutvalet. Stråmyr møtte òg saman med Håvard Urkedal i formannskapsmøtet 02.12.14 som tilskodarar under framlegget av årsbudsjett.

Kristian Stråmyr tok opp i kommunestyret i februar eit munnleg spørsmål til ordføraren om framgang i kommunereformsaka sidan vårt grunngjevne spørsmål i november 2012 om utredning av kommunesamanslåing. Elles har Stråmyr stilt to grunngjevne spørsmål til ordføraren i perioden, eit i september om idrettsbygget ved Søvik Skule og eit i november om kvalitet i grunnskulen. Spørsmåla kan lesast på nettstaden vår www.haram.www.venstre.no.

Av viktige saker i kommunestyret har vi mellom anna gått imot utredning av kommunal kontantstøtte, inngått forlik med H, FrP og KrF om omsorgsplassar, opna for utviding av mottak av flyktningar til kommunen, gått imot reduksjon av tal på medlemmar i formannskap og kommunestyre og gått inn for utbygging av Eidet omsorgssenter som plussenergihus. I budsjettsamanheng sikra vi saman med budsjettpartnerane våre i FrP, H og KrF at grunnskulen og barnehagane fekk to millionar kroner kvar over rådmannen sitt framlegg til budsjett, noko som sikra vidare drift av Lepsøy skule og barnehage i tillegg til å halde rametimetalet oppe. På investeringssida fekk vi innført ein pott på ein million kroner til samarbeidsprosjekt mellom kommunen og frivillige organisasjonar, auka vedlikehaldspotten for skulebygg med over fire millionar kroner, auka investering i gang- og sykkelvegar med tre millionar friehundretusen kroner og auka miljøgateprosjektet i Storgata med ein og ein halv million kroner.

Haram Venstre trio

Foto: Markus R. Nygård

Haram Venstre har sendt ut delegasjonar til tre møter i regi av fylkeslaget:
Fylkesårsmøte i Molde 25.-26. januar: Kristian Stråmyr og Malin Storholt, Stråmyr var referent første dagen. (Håvard Urkedal møtte som UV representant.)
Lokalpolitisk nettverk i Kristiansund 15.-16. mars: Kristian Stråmyr (Håvard Urkedal møtte som UV representant).
Nominasjonsmøte i Molde 15.-16. november: Kristian Stråmyr og Håvard Urkedal, Stråmyr satt i redaksjonskomiten. (Malin Storholt møtte som Ålesund-representant.)

Vi sette oss som mål ved inngangen av året og auke medlemstalet. Vi har per 01.01.15 19 registrerte medlemmar og 16 som har betalt kontingenten i 2014, og har med det ikkje nådd det målet.

Styret i Haram Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**