Stortingspolitikarar på samferdslevitjing

Tysdag 20. mai var fleire sentrale venstrefolk i Haram for å få betre kjennskap til Nordøyvegen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Abid Q. Raja, Kristian Stråmyr og Pål Faratad.

Abid Q. Raja, Kristian Stråmyr og Pål Faratad.
Foto: Britt Giske Andersen

Abid Q. Raja frå transport- og samferdslekomiteen vitja Haram saman med Venstre sin lokale stortingsrepresentant Pål Farstad. Der fekk dei eit inntrykk av korleis Nordøyvegen skal bli om den får grønt lys i Stortinget. Dei var med på ein rundtur med ferja frå Skjelten til Haramsøya og Lepsøya. Oddbjørn Vatne som er leiar av samferdsleutvalet på fylket var omvisar, og fortalde med anna litt om både forhistorie, finansiering og realisering av vegsambandet.

Raja tykte vel om prosjektet, og såg fleire fordelar. -Fyrst og fremst for lokalsamfunnet og næringslivet, men òg for staten som slepp å betale ferjesubsidiar i lang tid framover. Dette er ein vinn-vinn-situasjon, sa han. Han stadfesta med glimt i auget at sveleservering om bord på ferjene ikkje lengre var eit argument imot vegutbygging.

Vitjinga blei runda av med eit møte med styret i Nordøyvegen AS, der dei fekk grundig orientering om stoda. Det blei framheva dei positive miljøverknadane som vegen fører til jamvel om det blir meir trafikk, noko som slo godt an hjå tilhøyrarane. Styreleiar Bjørn Sandnes overrekte Raja ein filmsnutt der ein kunne sjå korleis heile vegstrekninga blir. Det kom tydleg fram at å halde på ferjesubsidiane i 30 år er ein viktig føresetnad for finansieringa av prosjektet, og Raja varsla at han skulle stille eit skrifteleg spørsmål i Stortinget til samferdsleministeren.

Venstre vil ha Nordøyvegen!

Fylkestingspolitikarane Iver Nordseth og Britt Giske Andersen, bystyrerepresentant Steffen Falkevik og Haram-politikar Kristian Stråmyr var òg med på turen. Venstre har tidlegare gjennomført vitjingar der Nordøyvegen var eit sentralt tema, mellom anna då Dørum kom til Brattvåg 8. juni i fjor.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**