Aust-Agder kan få Berit Woie Berg som Venstrerepresentant frå Nordland!

Berit Woie Berg er tidlegare Steigen-ordførar og Venstres førstekandidat i Nordland. Venstre i Nordland var svært nær stortingsplass i 2005, og det er knytta stor spenning til valet nå med eit langt større Venstre enn sist.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Berit Woie Berg

Foto: Venstre

Berit Woie Bergs far var frå Austre Moland, og mora er frå Steigen, der ho framleis bur. 8 år gamal flytta Berit til Vegårshei frå Glomfjord, og budde på Vegårshei til ho var 18.
I 1969 flytta dei til Tromøy, og da Gunnar Woie blei pensjonist og slutta som prest budde foreldra på Nedenes så lenge han levde.

Berit har gått folkeskolen på Vegårshei, ei tid på realskolen i Tvedestrand, 2 år på folkehøgskole på Birkeland, og 4-årig lærarskole i Kristiansand. Så bar det nordover igjen, i læraryrke og som svært sentral i oppbygginga av Kvinneuniversitet i nord, lokalpolitikk med ordførarverv i Steigen, aktiv fylkespolitikk og nasjonale verv i Venstre. Nå arbeider Berit Woie Berg som NAV-leiar i Steigen.

Å ha ein stortingskandidat i nord med så nær kontakt med Arendal og Vegårshei – som stadig blir halden vedlike – er verdfullt også for Venstre i Aust-Agder.

I Odd Einar Dørums første statsrådperiode 1997-2000 møtte Helene Falch Fladmark frå Arendal fast på Stortinget og gjorde eit stort arbeid for fylket vårt.

Og kanskje kan vi ende opp med “to” Venstrerepresentantar frå Aust-Agder, om både Øystein Haga og Berit Woie Berg blir valte inn.

Les meir om Berit Woie Berg her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**