Slå ring om helsetilbod i Sauda

Fylkesstyret i Rogaland Venstre er uroa over situasjonen for sjukehustilbodet i Sauda. Dei kommande kutta i Helse Fonna kan komma til å råka avdelinga i Sauda særs sterkt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


På ny blir eit distriktstilbod i Helse-Noreg råka. Helse Fonna skal på styremøte den 18. januar drøfta kutt av 75 årsverk.

Resultatet blir at Helse Fonna, Avdeling Sauda, nærast blir rasert. Avdelinga opererar i dag heile 2500 pasientar i året med eit mannskap på 12 årsverk. Viktige arbeidsplassar og eit viktig miljø vil dermed forsvinne frå lokalsamfunnet.

Rogaland Venstre meinar at ei slik nedlegging er svært uheldig for eit lokalsamfunn som Sauda – og det nærliggjande omland. Helse Fonna har lagt ned fleire arbeidsplassar i dette området dei siste åra, og difor må ein slå ring om sjukehusa i Sauda, Odda og Stord.

Politikarane i Sauda har invitert til dialog. Rogaland Venstre vonar difor at Helse Fonna tek denne invitasjonen, og at dei i lag kjem til ei einigheit.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**