Open sfo på planleggingsdagar

Venstre i Os vil ha open sfo på planleggingingsdagar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Venstre vil programfesta å ha open sfo på dei planleggingsdagane som fell innafor elevane sitt skuleår. “Mange foreldre har problem med å få plasert ungane desse dagane, og det må vi gjera noko med”, seier Os Venstre sin representant i kommunestyret Tore Rykkel.
“Fleire skular legg i dag nokre planleggingsdagar før og etter skuleåret. Dette gjer at det ikkje vert meir enn 2-3 dagar som fell innafor elevane sitt skuleår. Dette må vi klara å gjera noko med utan at det får store økonomiske konsekvensar. Det er kun eit spørsmål om vilje” seier Rykkel.

Her er alternativet!

Os kommune skal ta håndt om de små, også på planleggingsdager

Foto: Tore Rykkel

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**