Saker frå fylkestingsgruppa

Her er eit oversyn over dei viktigaste sakene fylkestingsgruppa har arbeid med i perioden 2003 – 2007:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Politisk rekneskap frå fylkestingsgruppa 2003- 2007:

Desse sakene har Venstres fylkestingsgruppe teke opp og fått fleirtal for:

— Fylkesdelplan for vindkraft i Rogaland

— Sellafield-uttale frå fylkestinget i Rogaland
Samla fylkesting i Rogaland om Sellafield-uttale

— Nordsjøkomisjonens generalforsamling i Skotland: Sellafield inn i sluttdokument (mot 2 stemmer frå Storbritannia)

— Retreatsenteret på Utstein. Riksantikvaren ga Venstre medhald i fylkesutvalet sjølv om me kom i mindretal for å ta hensyn til Utstein Kloster og den gamle skulen.

— Torfinn Torfæus-stiftinga lagt til Norvegen Historiesenter, Avaldsnes

— Barne- og ungdomsteateret i Stavanger, fått gjennomslag i budsjettforhandlingane og Rogaland Teater er leiande i europeisk samanheng og har nå i den nyrestaurerte Teaterhallen, den finaste bygningen i Stavanger frå førre hundreåret.

— Tou scene, fått fleirtal for ekstraløyvingar for å ha muleghet for alternative kulturtilbod.

— Etablera eit Kiellandsenter i samarbeid med Stavanger kommune

Pådrivar i fylkespolitikken:

— Som forvaltningmyndighet: Ny sentrumsplan for Eigersund
— Har gått inn for ny skule på Jåtta frå dag ein- ikkje alle gjorde det.

— Sikra ny tomt til Kamsund folkemuseum

— Hatt visjonar om Vågen vidaregåande i Sandnes med byfornying og spennande samspel mellom vatn og uteareal.

— Hatt fleire mediautspel og forslag i fylkesutvalet, knytta til nye vidaregåande skular på Bryne og byutvikling

Tapte saker:

— Jørpelandsvassdraget, den siste store vasskraftutbygginga i Rogaland.

— Konsesjon for Høg-Jæren vindmøllepark

— Den gamle Thime Uldvarefabrik på Bryne

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**