Gol Venstre

Gol Venstre er eit lite, men veldrive lokallag. Partiet har vore representert i Gol kommunestyre sidan 1898

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Partigruppa er godt representert i kommunale organ i Gol kommune.
Gol Venstre hadde god framgang ved siste valet. Partiet fekk 12,1% oppslutnad, og gjekk fram frå 2 til 3 representantar i kommunestyret.

Gol Venstre markerer seg godt i lokalpolitikken.

Gol Venstre har tre medlemmer i kommunestyret; Hallvor Lilleslett, Helge Feet og Vlasta Sundmoen.

Gol kommune har tre hovudutval: Formannskap/adm.utval, Utval for kultur og levekår(UKL) og utval for natur og næring(UNN).
UKL har ansvar for kultur, opplæring, helse, omsorg, sosiale tenester og omsorgstenester. UNN har ansvaret for arealplansaker og næring.

Gol Venstre har ein representant i kvart av utvala:
Hallvor Lilleslett er medlem i administrasjonsutval og formannskap.
Vlasta Sundmoen i UKL
Helge Feet i UNN

Mildrid Nesheim er leiar for Kontrollutvalet.

Vararepresentantar for Gol Venstre:
Ingebjørg By Teigen
Jan Kattenberg
John Henning Johannessen
Sigurdis Ingimundardottir
Dag Stemsverk
Per Drabløs

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**