Bakstreverske lærarorganisajonar?

Ordføraren går hardt ut mot lærarorganisasjonane i Os & Fusa-posten 5/2. Han finn det nødvendig å minna om at skulen er til for elevane og ikkje for lærarane. Samstundes karakteriserar han organisasjonane som bakstreverske i sine reaksjonar over at forhandlingsansvaret brått vart flytta frå staten til kommunane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Det kan seiast mykje om det å flytta forhandlingsansvaret for lærarar og skuleleiarar over til kommunal sektor, og at dette ville koma før eller seinare, har vel vore klårt for nokon kvar. At organisasjonane ynskjer å bevara ei ordning som av mange vert oppfatta som svært god med omsyn til å sikra eit likeverdig skuletilbod i heile landet, kan dei likevel knapt klandrast for. At dei tvilar på at kommunane, med sin skrantande økonomi, vil vera i stand til det same, er vel heller ikkje så underleg.

Men først og fremst handlar nok denne saka om å halda spelereglane i arbeidslivet. Ein oppnår ikkje eit godt samarbeid ved å sjå bort frå desse. Å bli ignorert og sett til side har aldri vore med på å betre samarbeidsklimaet nokon stad. Det handlar om å ta kvarandre på alvor og i det minste syne respekt for kvarandre i ein prosess der ein kanskje ikkje er einige.
Diverre lovar ikkje ordføraren sin karakteristikk av organisasjonane godt for det framtidige samarbeidet i Os kommune, eit samarbeid som trass i alt blir svært viktig med omsyn til å utvikla den gode skulen i Os vidare.

Det undrar oss for så vidt ikkje at frp ynskjer ein skule der elevane blir sett i fokus, men så vidt vi kan sjå, er det nettopp dette som har vore tilfelle i vår kommune i mange år.

Vi i Venstre ynskjer at arbeidet med den gode skulen i Os skal halda fram i nært samarbeid med lærarorganisasjonane, og i tråd med reglane i arbeidslivet. Det er vi faktisk heilt avhengige av for å lukkast.

For Os Venstre
Tore Rykkel

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**