Seier for Silgjerd i Tysvær

Fylkesmannen i Rogaland har lagt ned motsegn mot det nye forslaget til
reguleringsplan for eit steinbrot på toppen av fjellet Såt i Tysvær som
selskapet Amrock JV har søkt om. – Dette er ein stor seier for miljøinteressene og ein viktig symbolsak for dei som meiner at miljø, natur og friluftsliv har eigeninteresse som det er
verd å kjempa for, seier Venstres Jon Arne Silgjerd.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

John Leiv på seminar

Foto: Tore Nilsen

Venstre sin fylkespolitikar og toppkandidat i Hå, Jon Arne Silgjerd, som her er saman med Tysværs toppkandidat John Leiv Dalseng, har hatt eit sterkt engasjement i denne saka og var leiar i Regionalutvalget sist denne saka var oppe og fremja den gongen motsegn mot saka. – Denne saka har vakt eit sterkt lokalt engasjement i Espevikbygda, seier han i ein kommentar.

Les mer >>

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**