Valprogram 2023-2027

Valprogram
2023-2027

Hå Venstre

 

Her kan du lese Hå Venstres program til kommunevalet. Dette er valprogrammet vårt og politikken me i Hå Venstre går til val på og vil jobbe for i kommunen i perioden 2023 – 2027. Samen tek me Hå framover.

Last ned programmet som PDF Her kan du også se brosjyren vår. Lurer du på kva Venstre jobber for nasjonalt? Les Venstres nasjonale Stortingsvalprogram 2021-2025 her. Lurer du på kva Venstre går til val på i fylkesvalet? Rogaland Venstres valprogram 2023-2027

 

Venstre tek Hå framover

Hå Venstre ønsker at Hå skal vera ein grøn føregangskommune, der det er godt å veksa opp og godt å bu. Venstre vil ta avgjerder basert på kunnskap. Me satsar på skule og oppvekst, på gode velferdstilbod og aktiv fritid. Vår politikk byggjer på sosialliberale verdiar, som betyr at en ynskjer å foreina fridom for den enkelte samstundes som ein tar ansvar for fellesskapet og kvarandre. Venstre vil gje meir innverknad til kommunane, og me vil at det skal vera lettare for folk flest å kunna få innsyn samt delta meir i lokaldemokratiet.

Me vil ta Hå framover, og det betyr at me må ta kraftige grep for å redusera utslepp og ta vare på naturen. Å verna matjorda på Jæren og sikra biologisk mangfald er viktig både for kloden og for oss lokalt.

Godt val!

Ta vare på naturen

Klimakampen handlar om å gi barna høve til å leva eit godt og trygt liv no og i framtida. Vi må ta vare på naturen og alle goda kloden som økosystem tilbyr oss, slik som mat, reint vatn og rein luft. Venstre vil at det skal vera lett, både for lokalsamfunn og enkeltmenneske, å ta del i klimakampen og leva eit godt liv med eit lite miljøavtrykk.

 

Klima, miljø og naturvern

Hå må arbeida målretta med å redusera utslepp og verna om naturressursar. Ved innkjøp og nybygging skal ein alltid velja den mest bærekraftige løysinga og den best tilgjengelege teknologien.

Venstre vil:

  • Kutta kommunens utslepp i tråd med nasjonale mål.
  • Støtta opp om lokale initiativ som set klima, miljø og naturvern på dagsorden.
  • Setja ambisiøse mål ved nybygging der det skal verta brukt miljøvenlege og lokale materiale.
  • Arbeida for at både kommunale og private bygg skal ha tilgang til grøn energi gjennom t.d. solenergi, jordvarme, m.m.
  • Vurdera økonomiske støtteordningar for innbyggjarar som gjennomfører energieffektivisering eller omlegging til grøn energi, og støtta initiativ for produksjon av miljøvennleg energi.

 

Jordvern, arealpolitikk og biologisk mangfald

Nedbygging av matjord kan ikkje gjerast om. Etterkomarane våre må kunna produsera mat på eiga jord. Hå Venstre vil kjempa for vern av dyrka og dyrkbar jord.

Venstre vil:

  • At utbygging i tettstadar må skje gjennom fortetting, samstundes som ein tek vare på friareal.
  • Gjera bustad og sentrumsområde grønare.
  • Plante 1000 nye trær i kommunen
  • Vurdera å innføra naturavgift på utbyggingar for å gi insentiv til gjenbruk av areal. Avgifta skal brukas til å restaurera natur.
  • Verna om alle naturtypar og biologisk mangfald.
  • Arbeida for å verna raudlista artar.
  • Ta vare på bier og humler, mellom anna ved å planta blomar for pollinerande insekt og forby sprøyting med gift.
  • Vera kritisk til alle planar som gir risiko for tap av artsmangfald.
  • Ikkje tillata nedbygging av myr.
  • Tilbakeføre areal til LNF dersom mogleg.
  • Innføra tiltak for å redda vipa, som t.d. kompensasjonsordning for å merka vipereir.
  • Ikkje byggja ut fleire vindparkar i kommunen.
  • Kjempe for å bevara Pyttaskogen på Nærbø.

 

Samferdsel

For å gjera det mogleg å ta grøne val i kvardagen, må det finnast reelle alternativ til bilen. Hå Venstre vil støtta alle tiltak som fører til auka bruk av kollektivtrafikk, og at ein vel sykkelen framfor privatbilen.

Venstre vil:

  • At kommunens bilpark skal vera fossilfri.
  • Byggja fleire ladestasjonar i kommunen.
  • Leggja til rette for ladestasjonar for elsyklar.
  • At kommunen også skal ta i bruk elsyklar som alternativ til tenestebilar.
  • Sikra samanhengande gang- og sykkelvegar, til dømes r44 frå Varhaug til Brusand.
  • Arbeida for at elevar i grunnskulen skal kunna nytta kollektivtilbod gratis i skuletida.
  • Etablere kollektivtilbod til Stokkelandsmarka.

Skule og opplæring

Utdanning er nøkkelen til ei betre framtid. Derfor er utdanning alltid ein prioritet for Venstre. Det er gjennom utdanning at me jamnar ut sosiale forskjellar og gjev alle like moglegheiter i livet. Venstre sitt mål er å skapa ein skule som ser alle elevar, og som evnar å tilby meistring og læringsglede for alle. Venstre vil at alle elevar skal få nytta det fulle læringspotensialet sitt.

Barnehage

Ingen familiar er like, og barn har ulike behov. Kompetanse hos leiinga, lærarane og dei tilsette, gode inne- og ute miljø og nok vaksne er heilt avgjerande for barna. Kvaliteten på barnehagane er det som er viktig, ikkje kven som driv eller eig dei.

Venstre vil:

  • Ha to barnehageopptak for å sikra at alle får høve til å byrja i barnehagen etter avslutta foreldrepermisjon.
  • Ha fokus på god kvalitet i barnehagane og tidleg innsats.
  • Auke grunnbemanninga i barnehagane.
  • Jobba for å auka talet på mannlege barnehagelærarar.
  • Opna for at enkelte barnehagar kan ha utvida opningstid dersom mange foreldre ikkje berre jobbar på dagtid. Det skal vera ei øvre grense for kor lenge barnet kan
    opphalda seg i barnehagen.
  • Støtta vidare kvalifisering og etterutdanning for tilsette i barnehagane.
  • At barnehagane tek i mot praksis-studentar.
  • Styrkja alderstilpassa opplæring for barn om kropp, seksualitet, identitet og kjensler frå og med barnehagealder.
  • Kobla PPT på tidleg der det er trong for det.

 

Skule

Å få ein god start på skulegangen er avgjerande for å lykkast seinare i utdanningsløpet. Tidleg innsats for å ivareta og sikra god opplæring er grunnleggjande. Det er likevel stor forskjell på kva behov elevane har. Venstre ønskjer fleire og tydelege verkemiddel for å gi tilpassa opplæring gjennom kompetente lærarar og auka metodefridom.

Venstre vil:

  • Styrkja laget rundt eleven ved å tilsetja fleire helsesjukepleiarar, skulepsykologar, miljøterapeutar og rådgivarar med formell kompetanse.
  • Sørgja for auka fleksibilitet i vurderingssituasjonar, slik at alle får vist læringsutbytte på ein mest mogleg føremålstenleg måte.
  • Gjera læraryrket meir attraktivt gjennom å sikra fleire karrieremoglegheiter, gode lønnsvilkår og mindre byråkrati og papirarbeid.
  • Prioritera tidleg innsats.
  • Oppmuntra til meir leikbasert og variert læring for 5-8-åringar.
  • Støtta forsøksordningar med nye valfag på ungdomsskulen, både teoretiske og praktiske..
  • Arbeida målretta for å styrka lesekompetanse, evne til kritisk refleksjon og kjeldekritikk hos elevane.
  • Ha nulltoleranse for mobbing i skulen.
  • At alle skulane skal ha gode uteområde som legg opp til aktivitet både i friminutta og etter skuletid.
  • Sikra god kvalitet i innhaldet i SFO.
  • Gje god alderstilpassa seksualitetsundervisning gjennom heile skuleløpet gjennom samarbeid med helsetenestene.
  • Tilretteleggja betre for at lærarar kan undervisa i same fag på fleire skular, som t.d framandspråk og musikk.
  • Arbeida for at ungdomsskolar i Hå testar ut modellen brukt av Vardheia ungdomsskole, med en yrkesfagleg tilnærming.
  • Oppmuntre til leksebevisste skular.

Helse og omsorg i lokalsamfunnet

Eit trygt og nært helsetilbod av høg kvalitet er viktig for at alle skal ha fridom og høve til å delta i samfunnet. Samtidig meiner Venstre at kvar enkelt i større grad bør kunna bestemma kven ein får tenestene frå. Diverre er det ikkje alle som har ressursane eller kunnskapen til å ta val på eigne premissar. Venstre vil gi alle høve til å ta meir styring over eige liv.

Folkehelse og inkludering

Hå skal vera ein kommune der alle kan delta, uavhengig av funksjonsvariasjonar.

Venstre vil:

  • Auka talet på varig tilrettelagte arbeidsplassar.
  • Satsa på førebygging ved bruk av helsesjukepleiarar, mellom anna med heimebesøk og god rettleiing for foreldre.
  • Støtta opp under lag og organisasjonar som gjer ein innsats innafor alle delar av helse- og omsorgssektoren.
  • Samarbeida med lokalt næringsliv og frivillige organisasjonar for å leggja til rette for alternative praksisplassar og arbeidstrening for ungdom.
  • At kommunen skal vera open for å rekruttera unge med «hol i CV-en», og gje dei som står utanfor arbeidslivet moglegheit til praksis og kvalifisering.
  • Vidareutvikla og marknadsføra turløyper i nærområda.

 

Helsetenester og omsorg

Innbyggjarane i Hå kommune skal få nødvendige helse- og omsorgstenester når dei treng det. Venstre vil føra ein helsepolitikk som sikrar alle tilgang til eit godt helsetilbod, uavhengig av språkferdigheiter, alder, inntektsnivå eller kva ressursar dei pårørande har. For å gi pasientane eit betre tilbod og fastlegane ein betre kvardag må staten auke basistilskotet. Hå Venstre vil utvikla ei framtidsretta teneste med eit berekraftig kostnadsnivå for å møta eldrebølgja, og auka bevisstheita om korleis ein kan nytta ressursane best mogleg.

Venstre vil:

  • Auka digitalisering av arbeidsprosessar og bruk av velferdsteknologi.
  • Yta nok hjelp til familiar med heimebuande barn/ungdom med store hjelpebehov.
  • Ha gode avlastningsordningar og tilby korttidsopphald i institusjon.
  • Tilby sjukepleiarar, jordmødrer og andre helsearbeidarar ein arbeidskvardag der det er mogleg å stå i heiltidsstilling, mellom anna gjennom å sjå på alternative turnusordningar, auka bemanning og avlasting for arbeidsoppgåver som kan løysast av andre yrkesgrupper.
  • Etablera fleire omsorgsbustader.
  • Innføra eldrebesøk frå barnehagar og skolar.

 

Bustadsosiale tiltak

Det å ha ein trygg stad å bu er viktig for å kunna fungera i samfunnet. Hå Venstre ønsker at alle skal ha høve til å bu i eigen bustad og at dei som treng det skal få hjelp til å koma inn på bustadmarknaden enten ved kjøp eller leige av bustad gjennom kommunen.

Venstre vil:

  • At ein har ein aktiv eigedomspolitikk på kommunale bustadar, dette inkluderer både bygging, kjøp og sal av eigedommar.
  • At ein legg inn krav til kommunal forkjøpsrett til leilegheiter i nye utbyggingsprosjekt.
  • At ein støttar opp initiativ med privateigde omsorgsbustadar med kommunalt tilsette.
  • Byggja fleire sjølveigarbustadar og leggja til rette for sjølvbyggartomter for førstegongsetablerarar.
  • Gjera det mogeleg for leigetakarar å overta kommunal bustad ved å la leige fungera som nedbetaling.
  • At kommunen har gode rammer for startlån, slik at dei som har problem med å få vanleg banklån, kan få lån til eigen bustad.
  • Etablere sjukeheim i Søre Hå.

 

Psykiatri og rusomsorg

Menneske i alle lag kan rammast av psykisk sjukdom og rusproblem, og det er viktig å driva førebyggjande arbeid. Når tiltak må setjast inn, vil Hå Venstre ha tilbod tilpassa den enkelte sine behov.

Venstre vil:

  • Styrkja behandlingskapasiteten for rusavhengige, slik at dei er sikra omgåande helsehjelp, eit bu tilbod og nødvendig behandling for dei som ønskjer det, utan ventetid.
  • Satsa på førebyggjande tiltak retta mot unge, deriblant samarbeid mellom helsetenester og skulane med informasjon om rusmiddelbruk.
  • Vidareføra det positive arbeidet til Natteravnane.
  • At skulehelsetenesta hjelper til med å spreia kunnskap om psykisk helse gjennom nærvær i skulane og har fokus på tidleg innsats til ungdom som slit psykisk.
  • At kommunen skal kunna gi raskt tilbod om psykiatrisk hjelp, spesielt til ungdom.
  • Arbeida for god oppfølging av ruspasientar og yta hjelp som bu tilbod, bu oppfølging, yrkesrettleiing og praksisplassar.

Betre barselomsorg

Det er kommunen som har ansvaret for å følgje opp familien og den nyfødde når dei kjem heim frå sjukehuset. Venstre vil ha eit løft i det kommunale barseltilbodet. Noreg er rekna som eit av dei tryggaste landa i verda å føda barn i. Samtidig er fødsels- og barselomsorga under press over heile landet, og altfor mange kvinner får ikkje den omsorga dei treng og har krav på. Venstre vil styrkja fødsels- og barselomsorga i Hå kommune. Hå må samarbeida tettare med spesialisthelsetenesta for å tilby ei meir heilskapleg fødsels- og barselomsorg.

Venstre vil:

  • Auke fokus på mor si psykiske helse som ein del av oppfølgingsprogrammet til barnet.
  • At alle helsestasjonar skal tilby kompetent ammehjelp og fysioterapi etter fødsel.
  • Auka talet på tilsette på helsestasjonane, utvida opningstidene og sørgja for at tilbod om heimebesøk etter fødsel blir gitt automatisk, i tråd med nasjonale retningslinjer.
  • Auka utdanningsnivået for sjukepleiarar og jordmødrer og etablera styrkingsmidlar etter modell av satsinga på psykisk helse og rus.

Oppvekst

Familien som institusjon er ein av dei viktigaste forebyggande arenaene mot psykisk uhelse og fråfall av deltaking i samfunnet. Hå Venstre ønsker å styrke familiar som har behov for støtte og tilrettelegga for at kvar familie skal ha mogelegheita til organisera småbarnstida slik dei sjølv ynskjer.

Venstre vil:

  • Vidareføra dagens ordning med kontantstøtte i kommunen, og kompensera for det som forsvinn etter regjeringa sine endringar.
  • Prioritera gjennomføring av Oppvekstreformen.

Ein friare alderdom

Kvar enkelt av oss har ulike ønske om og forventingar til korleis alderdommen vår skal vera. Venstre vil møta alle eldre med eit tilbod som gir valfridom og tek i bruk teknologi slik at alle får høve til å leva eit så fritt, sjølvstendig og innhaldsrikt liv som mogleg. Vi vil leggja til rette for at eldre menneske kan få eit omsorgstilbod som er tilpassa behova og interessene deira, dekt av det offentlege

Venstre vil:

  • Ta i bruk velferdsteknologi, innovasjon og nye løysingar for å leggja til rette for at fleire kan bu heime lenger og meistra sin eigen kvardag, samtidig som ein tek omsyn til eldre utan digital kompetanse.
  • Satsa på heimerehabilitering slik at eldre raskast mogleg kan komma tilbake i vanleg form etter sjukdom og skade.
  • Leggja til rette for at sjukeheimar og omsorgsbustader har eit tilpassa tilbod som reflekterer interessene og ønska til den enkelte.
  • Følgja opp dei mange som vert ramma av demens gjennom fleire dagaktivitetsplassar, tilpassa bu tilbod og auka kunnskap og kompetanse.

Næringsliv: Eit kreativt og verdiskapande Hå

Framtidas næringsliv er grønt, nyskapande og kreativt. Då treng vi kommunar som yter god service og legg opp til gode, stabile og langsiktige rammevilkår for næringsverksemd. Næringspolitikken skal vera moderne, føreseieleg og næringsnøytral og samstundes leggja til rette for eit seriøst og lønnsamt næringsliv.

 

Nyskapande næringsliv

Venstre vil:

  • Arbeida for at små verksemder skal kunna etablera seg på fleire stader i heile kommunen.
  • Ha en gjennomgang av arealutnytting i kommunen.
  • Leggja til rette for godt samarbeid mellom skular, kommune og næringsliv.
  • Tilby etablerarstipend for dei som skapar nye arbeidsplassar.
  • Redusera og forenkla sakshandsaminga, slik at gründarar skal få gjennomført sine idéar utan å mista for mykje tid i byråkrati.
  • Støtta nettverk for kvinnelege gründarar.
  • Gå gjennom korleis kommunen praktiserer innkjøpsreglementet, for å fremja innovative innkjøp, grøne innkjøp, gründervennlege anbodskontraktar og lokale leverandørar.
  • Vurdera å dela opp anbod i mindre kontraktar for at lokalt næringsliv kan delta i anbodskonkurransane.

 

Eit attraktivt uteliv

Utelivet er ein viktig del av mange lokalmiljø. For å skapa gode møteplassar i utelivet treng vi fleksibilitet og fleire alternativ for innbyggjarane. Serveringsnæringa skal tilby noko for alle, samtidig som vi skal sørgje for at bedriftene blir drivne på ein trygg og forsvarleg måte.

Venstre vil:

  • Sikre seriøse aktørar langsiktige, stabile og gode rammevilkår og slå hardare ned på useriøse utelivsaktørar, mellom anna gjennom systematiske kontrollar.
  • At skjenkeløyve skal vera lett å få, men også lett å mista.
  • Utvida skjenkjetidene og opna for meir differensierte og lokalt vedtekne opningstider som er baserte på kulturell profil, avstand frå bustadområde o.a.

 

Grønt landbruk

I Hå er me stolte av å vera ein matkommune, og det skal me halda fram med å vera. Venstre vil satsa på eit moderne landbruk som er leiande innan klima, miljø, naturforvaltning og dyrevelferd.

Venstre vil:

  • Sikra rammevilkår og berekraft for landbruket.
  • Vera opne for at tomme låvar skal kunna nyttast til næringsformål.
  • Leggja til rette for produktutvikling og løfta fram lokal mat.
  • Ha fokus på kortreist mat, og at kommunen prioriterer lokalt produsert mat i kommunale innkjøp.
  • Arbeida for gode klimaløysingar og grønt skifte i landbruket i samarbeid med forskingsmiljø.
  • Fremja bruk av ny teknologi og nye løysingar.
  • Dyrehald skal driftast etter best tilgjengelege kunnskap.

Eit levande lokalsamfunn

Gode lokalmiljø har òg eit mangfald av aktivitetar, slik at alle finn noko dei kan trivast med. Venstre meiner at vi får eit meir mangfaldig tilbod for innbyggjarane dersom kulturen, idretten og alt anna frivillig arbeid får fridom til å utfalda seg. Kommunen speler samtidig ei viktig rolle i å leggja til rette for både organiserte og eigenorganiserte aktivitetar.

Kultur og idrett

Det lokale kulturlivet og idretten må sikrast gode vilkår, og det bør leggjast til rette for eit mangfald i tilbodet. Alle generasjonar bør ha tilgang til eit godt og variert kultur- og fritidstilbod, og det er viktig at det er tilgjengeleg for alle. Kulturskulen speler ei sentral rolle i det lokale kulturlivet og bør vera prisa og lokalisert på ein slik måte at han er tilgjengeleg for alle. Venstre vil bidra til å letta forholda for breiddeidretten og sørgja for eit variert tilbod.

Venstre vil:

  • Innføra fritidskort som sikrar alle unge tilgang til fritidsaktivitetar innan idrett og kultur.
  • Satsa på breiddeidrett.
  • Støtta tilrettelegging av samlingsstader for uorganisert idrett.
  • Halda fram inkluderingsarbeid i idretten, slik at alle barn kan delta på minst ein organisert aktivitet.
  • Oppfordra til sal og bytte av brukt sportsutstyr/diverse ved turneringar/idrettsarrangement i kommunen.
  • Halda hallar opne i feriar og helger for organisert og uorganisert idrett.
  • Sikra alle unge tilgang til fritidsaktivitetar innan idrett og kultur.
  • Arbeida for kortare ventelister, utvida aldersgrenser og lågare eigenandel i kulturskulen.
  • Kombinera småstillingar i kulturskulen med undervisning i grunnskulen.
  • Støtta opp om viktige festivalar i kommunen og arbeida for å utvikla nye.
  • Arbeida for å fremja Jæren som ein attraktiv lokalitet for filmproduksjon.

 

Friluftsliv

Friluftsliv har i lange tider vore ein viktig del av det norske levesettet. Å sansa naturen vi har i nærmiljøet er viktig for både kropp og sjel. Det er rekreasjon, trening og kanskje den beste førebygginga av god helse.

Venstre vil:

  • Ta vare på meir natur og sikra tilgang til lokale turområde, utfartsområde og turvegar. Også områder for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne.
  • Støtta frilager for å sikra at alle kan ha tilgang til utstyr og få oppleva turglede.
  • Fylgja opp samarbeid med aktuelle aktørar, lag og organisasjonar som legg til rette for tilgang til naturopplevingar.
  • Avgrensa motorisert ferdsel i utmark.

 

Frivilligheit

Frivillig arbeid er av stor verdi for både lokalsamfunnet og den enkelte. Alle bør få høve til å delta i frivillig arbeid. Derfor er det viktig for Venstre at det skal vera lett å vera frivillig, og at frivillig arbeid har ei sterk rolle i lokalsamfunnet.

Venstre vil:

  • Auka kompetansen om frivilligheit i kommunane og utvikla lokale planar for frivillig arbeid i samarbeid med dei frivillige laga og foreiningane.
  • Minska byråkratiet opp mot frivilligheita i samband med søknader om midlar og enkle byggjesøknader.
  • Sikra at frivilligsentralen har økonomi til å leggje til rette for meir frivillig arbeid.

Les også: Ny ordning med tilskudd til energisparing for frivillighetens bygg i Rogaland

Sosialt ansvar og fattigdom

I ei tid med stadig fleire menneske på flukt frå krig og fattigdom er det alltid trong for ei hjelpande hand til dei mest utsette. Vi må på sjenerøst vis ta vår del av dette ansvaret.

Venstre vil:

  • Framleis ta imot flyktningar, og arbeida med å integrera desse.
  • Få fleire med innvandrarbakgrunn i arbeid, mellom anna gjennom mentorordning, språkopplæring og aktiv rekruttering.
  • Jobba for rask busetjing av flyktningar.
  • Sikra reell tilgang på grunnleggjande helsetenester til papirlause og personar utan fast opphald i Noreg.
  • Gje asylsøkjarar rett til vidaregåande opplæring.
  • Ha spesielt fokus på barn i låginntektsfamiliar, ved å følgja opp at barnefattigdom vert eit prioritert område i økonomiplanen.

 

Sentrumsutvikling

Hå Venstre ønsker at kommunen skal vera meir aktiv i utvikling av levande, attraktive og tilgjengelige sentrumskjerner i stasjonsbyane. Arkitektonisk kvalitet og grøne områder er viktig for både folkehelse og livskvalitet, og skaper meir levande lokalsamfunn.

Venstre vil:

  • Offentlege funksjonar skal byggas i sentrum av tettstadar. Til dømes Vigrestad skole.
  • Laga sterke knutepunkt mellom kollektivtenestar, handel og offentlege tenester.
  • Arbeide for meir attraktive sentrumsområder i kommunen.

 

Framover

Demokrati og openheit

Hå Venstre ønsker eit opent og engasjerande demokrati der alle stemmer blir høyrde. Hå kommune skal vera prega av openheit rundt alle prosessar og vedtak.

Venstre vil:

  • Senka stemmerettsalderen til 16 år.
  • Innføra «open mikrofon» før alle kommunestyremøta.
  • At kommunale planar og skjema skal vera enkle å finna og enkle å forstå.
  • Unngå unødvendig byråkrati og sikra kort og effektiv sakshandsamingstid.
  • At utarbeiding av planar skal vera opne prosessar med høg grad av innbyggarinvolvering. Lag, organisasjonar og innbyggjarar skal inviterast til innspelsmøte.
  • At alle politiske møter som ikkje er unntatt offentligheita skal vera tilgjengelige via Kommune TV.

 

Sunn økonomi

Hå Venstre vil føra ein ansvarleg og langsiktig økonomisk politikk.

Venstre vil:

  • Ta ansvar for at kommunen har sunn økonomi og er rusta for utfordringar som kjem.
  • Unngå eigedomsskatt så lenge det ikkje er nødvendig for det kommunale tenestenivået.
  • Arbeida for at ein vel grøne, lokale og rettferdige alternativ ved innkjøp av varer og tenester i kommunen.
  • Ha ein gjennomgang av alle kommunale investeringar for å sikra etisk og miljøvennleg plassering i fond.

 

Samarbeid på Jæren og med verda

For Hå Venstre er det viktigaste å sikra gode tilbod og løysingar for innbyggjarane i framtida, og me er positive til å sikra dette i lag med nabokommunane våre. Me ønsker å vidareutvikla samarbeid på tvers av kommunegrensene for å sikra gode kompetansemiljø og tilbod.

Venstre vil:

  • Arbeida for å finna nye moglegheiter til samarbeid på tvers av kommunegrenser.
  • Gjennoppretta samarbeid og utveksling med vennskapskommunar, og prøve å etablera og utvida samarbeid med fleire land.
  • Få med nabokommunane til å tilsetta ein felles Skogansvarlig til å følgje opp skogane og føre skogregnskap.
  • Jobba for ei større oppgradering av Jernbanestoppa i kommunen. Med fokus på universal utforming og tilrettelegging for pendlarar.

 

Se hvem som stiller til valg for Hå Venstre