Vallista 2023

F.v. Grete Friestad (3.kandidat), Kjetil Friestad (ordførarkandidat), Miriam Dybing Taksdal (2.kandidat), Foto: Hå Venstre

Under nominasjonsmøtet til Hå Venstre 23. mars 2023 vart Kjetil Friestad valt som Hå Venstres ordførarkandidat. Han får med seg Miriam Dybing Taksdal og Grete Friestad på kumulerte plasser.

«Det er ei stor ære å få leie Hå Venstre inn i valkampen. Hå treng eit parti som vil kutte i utslepp, skape nye arbeidsplassar, satar på skule og som tek jordvern på alvor.» sa Kjetil Friestad etter at han var valt som ordførarkandidat.

Miriam Dybing Taksdal som står på 2.plass fortsett med «Det gleder meg at me har fått på plass ei liste med dyktige kandidatar som utfyller kvarandre på ein god måte, og som kjem til å jobba for at Hå framleis skal vera ein attraktiv og god kommune å veksa opp i og bu i.»

«Me skal ta vare på den naturen me har. Naturen er ei viktig fristad for mange, og det skal me kjempe for at det skal fortsette å vere.» avsluttar Grete Friestad som står på 3.plass på lista.

Kandidatane er einige om at Hå kommune treng Venstre inn i kommunestyret. Venstre vil vere partiet som tek kampane for naturen, for dei vanskelegstilte i kommunen, for eit betre miljø på skulane og for dei eldre. Det er ein samstemt og motivert gjeng som gler seg til å drive valkamp for å ta Hå framover.

Her er heile lista:

1 Kjetil Friestad 1978 Nærbø
2 Miriam Dybing Taksdal 1990 Nærbø
3 Grete Friestad 1990 Nærbø
4 Tone Dybing Gravdal 1988 Vigrestad
5 Jon Arne Silgjerd 1957 Nærbø
6 Albert Moe 1943 Nærbø
7 Rune Pettersen 1972 Vigrestad
8 Lena Hodne 1980 Nærbø
9 Anita Skjæveland Iversen 1992 Nærbø
10 Fredrik Waldeland 1987 Vigrestad
11 Gorm Ingve Berge 1963 Sirevåg