Kvitneset kan bli ein ny turistattraksjon

Kvitneset må utviklast til ein ny turistattraksjon i Hareid. Saman med Hjørungavågmonumentet, Hjørungavågspelet, Bygdetunet og Ishavsmuseet, kan Kvitneset skape ei historieakse frå ulike tidsepokar gjennom heile kommurenen vår, seier Ole Frank Bakken som er 2. kandidat på Venstrelista til valet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Det har vore gjort eit viktig arbeid for å merke dei ulike husa der ute slik at folk skal kunne få ei oppfatning av korleis det var der under krigen. No er dessverre mykje av dette borte eller øydelagt, og vi må få til eit samarbeid slik at vi på nytt tar fatt i historia der ute og sikrar minnesmerka for seinare generasjonar, meiner Bakken.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**