Pass på å gi stemma di før du reiser frå Hareid!

Spesielt er det mange ungdommar som i desse dagar pakkar sakene sine for å reise for å studere eller arbeide andre stader. Og eg ønskjer alle lukke til og håper vi får sjå dykk att i Hareid til neste sommar – og veldig gjerne som fastbuande når de har avslutta studiane eller kan tenkje å skifte arbeidsbeite.
Og kanskje er det nokon som alt har reist og kome på plass i Bergen, i Trondheim, i Oslo eller …….

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Det er viktig at de hugsar å nytte den makta de har som framleis står i manntalet i Hareid kommune , nemleg det å kunne påverke i Hareid ved å stemme på parti og personar som skal styre kommunen dei neste fire åra. Det er viktig at de som er ungdommar er med å seie meinga dykkar ved å gi parti og personar de har tillit til stemmer slik at dei kan bli valde til å styre i Hareid. De finn oversikt over kva parti som stiller til val i Hareid og kven det er som står på desse listene på Hareid sine heimesider.

Alle som står oppført i manntalet i Hareid skal ha fått tilsendt eit stemmekort i posten der det er opplyst om førehandstemming og korleis de går fram. Dei som enno ikkje har reist frå Hareid kan førehandsrøyste i biblioteket i biblioteket sine opningstider frå 10. august til 7. september.

Dei som har reist frå Hareid kan likevel få gitt stemma si til valet i Hareid ved å førehandsrøyste der du oppheld deg. Då kan du ringe til sevicekontoret i kommunen der du er og få vite kvar og når du kan førehandsrøyste der. Det er for seint å stille opp i vallokala på røystedagen. Du må førehandsrøyste.

7. september siste dagen du kan førehandstemme, men det kan vere lurt å gjere det før då det er knapt å få fram stemmesetelen din til Hareid til den 10.september. Du kan risikrere at stemma di kjem fram for seint og dermed ikkje tel i valet.

Valkortet du har fått tilsendt er lurt å ta vare på og ha med på valdagen. Men skulle du gløyme det eller ikkje har tatt det med deg, får du likevel stemme der du er viss du har med legitimasjon.

Du kan vere med på å påverke framtida til Hareid ved å stemme!

Helsing
Gunn Berit Gjerde
ordførar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**