Luster Venstre eit sterkt ungdomsalternativ

Luster har ikkje eige lokallag for Unge Venstre, men Luster har fleire Unge Venstremedlemar som er aktive i lokallagsarbeidet og på kommunevallista i haust.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Vidar Aasen (28 år) og Jenatte Aaland Brun (22 år) er ungdomskontaktar i styret for Luster Venstre. På kommunevallista er Vidar 3.kandidat og Jeanette er 8.kandidatat. Vallista har i tillegg 5 ungdomskandidatar: Alexander (20 år), Sandhya (23 år), Tom (25 år), Magnus (23 år) og Preben (22 år) på 13.-17.plass blant 29 kandidatar. Med 7 unge kandidatar på vallista så er Luster Venstre eit sterkt ungdomsalternativ ved kommunevalet i 2007.

Sidan ingen av kandidatane på Luster Venstre si valliste er "kummulert" (sjå forklaring nedanfor) så er det veljarane som bestemmer kva kandidatar som kjem i kommunestyret. Luster Venstre håpar ungdommane nyttar retten til å gje ekstra stemmer på ungdomskandidatar slik at desse vert representert i kommunestyret.

På Sogn og Fjordane Venstre si fylkestingvalliste er det også mange ungdomskandidatar. Frå Luster er Alexander Velhuijs ein av kandidatane.

Dersom du som les dette vil vita meir om Venstre utover det les på heimsida så kontakt med Vidar Aasen ( [email protected] ) eller Jeanette Aaland Brun ( [email protected] )

1.kandidat til kommunevalet
Jon Ove Lomheim

Forklaring:
Alle dei andre partia i Luster har kummulert frå 1 til 5 av sine førstekandidatar (dette er merka med utheva tekst på lista). Dette gjer partiet for har sikra dei "kummulerte" kandidatane 25 % ekstra stemmer og plass i kommunestyret.
Veljarane kan påverka rekkjefølgje blant dei kummulerte og dei ikkje kummulerte ved å gje ekstra stemme (sjå forklaring på vallista korleis du gjer dette).
Eksempel på Venstre si liste:
Ved å gje Vidar og Jeanette ei ekstrastemme (og ingen andre) så endrar du rekkjefølja slik at Vidar får 1.plass, Jeanette 2.plass og lista sin 1.kandidat får 3.plass.

Bli medlem

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**