Valprogram 2023-2027

Valprogram 2023-2027

Venstre vil gje fridom til den enkelte, samtidig som me skal ta vare på fellesskapet og miljøet. Me er framtidsoptimistar, trur på skaparkraft og frivillig innsats, dugnadsånd og lokalt sjølvstyre, for å skape eit godt samfunn.

Få fart på Luster

Eit sterkt Venstre i Luster vil sikra at den nye kommunen har gjennomføringskraft og samarbeidsånd. Luster Venstre vil få fart på aktiviteten i Luster, auka ressursar til planlegging og gjennomføring av tiltak. Luster skal vera ein god stad å bu, jobba og driva næring. Ved å satsa på framleis auke i folketalet rustar me oss for framtida. Luster Venstre har 28 kandidatar på lista til kommunevalet oga med Kjetil Melheim som vår førstekandidat, er me klare for å gjere ein innsats for Luster.

Skule og oppvekst

Luster skal vera ein plass det er godt å veksa opp for born og unge. Venstre vil styrka satsinga på kvalitet i skulen og løfta ungdommen sterkare fram.

Luster Venstre vil:

  • auka ressursane til lærartimar på skulane
  • at skulane skal ha fysisk aktivitet og undervisa i kosthald
  • ha praktisk undervisning med matproduksjon
  • sikra naudsynt oppgradering og utbygging av skulebygg, barnehagar
  • ha redusert foreldrebetaling i barnehage og SFO for alle, i tillegg til gratis kjernetid for ungar til foreldre med låg inntekt
  • gje meir mynde til Ungdommens kommunestyre

Attraktiv, nyskapande og grøn vekst

Venstre støttar nyskaparar og sleppa fram dei som torer å satsa på grøn vekst. Arbeidsplassane i framtida er enno ikkje skapte. Landbruket må vera ei viktig næring og kommunen skal prioritera framtidsretta miljøløysingar. Me vil legga til rette for tilflytting og ny næringsutvikling i heile kommunen. Me vil ha betre tilgang til fjord og vatn for alle.

Luster Venstre vil:

  • ha byggeklare tomter i alle krinsar
  • setja tilflytting og rekruttering av folk øvst på dagsorden
  • sørgja for breiband til heile kommunen
  • oppretthalda buplikt på landbrukseigedommar og arbeida for betre vilkår ved eigarskifte
  • auka delen med rentefrie lån til investering i tiltak for grøn vekst
  • utvikla sentrumsområda til gode møteplassar

Betre folkehelse og omsorg

Venstre vil sørgja for at Luster kommune gir god omsorg når du treng det. Luster Venstre vil prioritera dei som treng det mest og styrkja dei frivillige organisasjonane sin plass i utviklinga av betre folkehelse. Me vil arbeide for at alle vert inkludert og kan delta i samfunnet.

Luster Venstre vil:

  • bidra til ein god prosess for Helsetun i Gaupne
  • sikra ressursar i open omsorg og ordningar for avlasting, førebygging og rehabilitering
  • ha betre dagtilbod for heimebuande (transport, aktivitet mv)
  • styrkja skulehelsetenesta
  • gjera omsorgssektoren i Luster til ein attraktiv arbeidsplass
  • auka midlar til trafikktrygging

Kultur, idrett og fritid

Luster kommune skal vera ein stad med allsidige og spennande kulturtilbod og fritidsaktivitetar for alle. Luster Venstre ynskjer å styrkja samarbeidet i regionen for betre tilbod til innbyggarane.

Luster Venstre vil:

  • at organisasjonar også i framtida skal få bruka offentlege lokale gratis
  • vidareutvikla eksisterande idrettsanlegg
  • leggja til rette for nye aktivitetsmøteplassar, som sykkel-/skatepark, og e-sportanlegg
  • arbeida for nytt fleirbrukshus i Gaupne og på Hafslo
  • ha føreseielege og enkle tilskotsordningar for frivillig arbeid og stimulera til kulturell satsing og utvikling
  • stimulera og leggja til rette for utbygging av nærmiljøanlegg rundt skular og oppvekstsenter, i samarbeid med FAU, lokale bygdelag og idrettslag
  • meir parkanlegg (grøne møteplassar) og naturstiar i og nær sentrumsområda

Klima og miljø

Me må jobba i lag for ei berekraftig utvikling for framtidige generasjonar og kommunen skal ha høge ambisjonar for å redusera klimagassutslepp. Me må ta vare på naturen. Me må gjera det lettare for innbyggjarane å ta ansvar for miljøet. Lokalsamfunna må tilpassast eit klima i endring. Kommunen må satsa på utvikling av miljøløysingar i alle anbod.

Luster Venstre vil:

  • ta initiativet til politisk klimaforlik i Luster slik at partia vert einige om ambisjonsnivå og forpliktar seg til ei felles plattform i arbeidet med klima og miljø
  • ha sterkt jordvern og krav om høg utnytting når dyrka mark vert teke i bruk til utbygging
  • at kommunale bygg skal vera klimanøytrale innan 2030
  • ta tak i miljøskade slik som uheldig grasvekst i Hafslovatnet

Ein sterkare region

Venstre vil arbeida for ein sterkare samla region i Sogn, der me står saman om tenestetilbod, rekruttering, vekst, utvikling og nye arbeidsplassar.

Luster Venstre vil:

  • styrkja regionsamarbeidet i Sogn
  • styrkja tilbodet på Vidaregåande opplæring i Sogndal
  • at Sogn som region skal ta ein sterkare posisjon i nye Vestland fylke
  • at Sogn får eit fungerande distriktsnav for statlege arbeidsplassar

Stem Venstre

Venstre ønskjer at veljarar tek kontakt med folkevalde direkte i enkeltsaker. Me har over lang tid vist evne til å samarbeida med andre parti i ulike saker. Me har også vist evne til å ta opp saker der me meiner andre parti sviktar. I miljø, jordvern og kraftutbygging er Venstre opptekne av å forvalta økonomi, natur og ressursar nøkternt slik at seinare slekter kan føra vidare vår livskvalitet. Me seier difor ikkje JA til alt. Me stiller krav til dei som vil bruka og hausta våre varige ressursar. Venstre har sagt NEI i omstridde kraftutbyggingssaker når avbøtande tiltak ikkje er tilstrekkelege, men seier JA når utbyggingar gjev større varige verdiar enn ulemper for lokalmiljøet.

Også i neste periode ønskjer Venstre framleis ha eit sterkare vern av dyrka mark, meir satsing på kultur og frivillig sektor. Me vil ha førebyggjande tiltak i staden for å reparera. Venstre vil arbeida for at også andre parti i Luster tek på alvor våre klimautfordringar med forslag om særlege tiltak for redusert forbruk, mindre sløsing og tiltak for å redusera skader ved flaum og ras. Venstre legg vekt på integrering av arbeidsinnvandrarar og andre nye borgarar. Me vil prioritera dei unge for å vera på lag med framtida for Luster kommune. Kommunen skal opplevast attraktiv å bu i, og at me tenkjer global og lokal klimatilpassing med grøn teknologi.

DU kan vera med på gjennomslaget for desse viktige sakene ved å RØYSTA VENSTRE.