Luster Venstre si liste ved kommunevalet

Foto: Flickr.com / KRD (CC BY-NC 2.0)

Kjetil Melheim vert Luster Venstre sin toppkandidat ved kommunevalet til hausten. Kjetil er audmjuk og glad for å kunne overta etter veteran Jon Ove Lomheim som har lova å vera aktiv lagspelar for den nye kommunestyregruppa i neste valperiode også.

Nominasjonsmøtet har prioritert Melheim og Ifra Abdirahmen Abdullahi med ekstra røyster på 1. og 2.plass. Ifra er 20 år og har vore medlem av Ungdommen sitt kommunestyret i 2 år. Ho kom til Luster i ein stor familie der far var politisk flyktning frå Somalia.

Nominasjonsnemnda er nøgd med å få med fleire nye listekandidatar med ei liste på 15 menn og 12 kvinner. Vi nådde ikkje målet om like mange kvinner som menn, men er svært nøgd med å få kandidatar frå alle samfunnslag og tilflyttarar med ulik bakgrunn i oppvekst og yrke. Nemnda er elles nøgd med fordeling av kandidatar i kommunen etter folketalet og alder.

Med Venstre i neste kommunestyreperiode har vi mange kandidatar som kan gjera ein forskjell og prioritere saker på lag med framtida. Kommunen treng ikkje minst talspersonar som framleis kan setje miljø- og klimautfordringane på agendaen i kommunestyret. Venstre vil også i neste periode prioritera saker som betyr noko for enkeltmenneske, natur og miljø. Venstre har godt hjarte for likeverd, omsorg, oppvekstvilkår og frivilligheit. For gode kulturtilbod og trivsel i kommunen er det avgjerande at frivillige organisjonar blir prioritert med meir midlar til det frivillige arbeidet.

Dyrka mark, kulturlandskap og urørt natur er under press, ogso i Luster. Venstre ynskjer fokus på god arealutnytting ved bruk av nye areal, spesielt i pressområder.

Fødselsår Bustadadresse
1 Kjetil Melheim 1979 Marifjøra
2 Ifrah Abdirahman Abdullahi 2002 Gaupne
3 Sandhya Karlsen Holene 1984 Hafslo
4 Gisle Haugen 1991 Gaupne
5 Jannike Skår 1970 Solvorn
6 Steinar Bruheim 1955 Jostedal
7 Liv Norunn Hunshamar 1961 Høyheimsvik
8 Einvald Søreide Erichsen 1957 Høyheimsvik
9 Stine Rebni Bjørk 1977 Fortun
10 Atle C. Gandrudbakken 1955 Hafslo
11 Inger Johanne Yttri 1963 Hafslo
12 Øyvind Hatlevoll 1957 Ornes
13 Gudny Alme 1950 Luster
14 Magnus Snøtun 1976 Jostedal
15 Oddfrid Vange Bergfjord 1977 Hafslo
16 Abdirahman Abdullahi Dahir 1977 Gaupne
17 Marte Veivåg-Aase 1987 Skjolden
18 Vidar Aasen 1979 Jostedal
19 Elice B. G. Gandrudbakken 1992 Hafslo
20 Petter Lie 1975 Jostedal
21 Else Marie Øvrebø 1950 Gaupne
22 Olav Krokgilgja Stølen 1931 Jostedal
23 Tordis Skjerdal Rauboti 1954 Solvorn
24 Øyvind Kvalen 1955 Ornes
25 Mary Aasen 1952 Jostedal
26 Knut Røneid 1965 Gaupne
27 Einar Ese 1953 Jostedal
28 Jon Ove Lomheim 1953 Hafslo

Valliste for Luster Venstre ved kommunevalet 2023: