Ole Frank Bakken

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Ole Frank Bakken

Foto: Liv Jorunn Nyhagen

43 år, 2 born, bur på Hjørungavåg og arbeider som lærar på Hareid Ungdomsskule. Innvalgt i kommunestyre, sit som gruppeleiar for Venstre i kommunestyret og er leiar for Levekårsutvalet. Sat også tidlegare i kommunestyret, då for Høgre og var leiar for HOK. Har tidlegare jobba med personal, som dagleg leiar og som næringslivsrådgjevar i Bank1. Er/har vore aktiv innan kultur og idrett som skodespelar i Hjørungavågspelet, fotballtrenar og korpsmann.

Politisk agenda: Å arbeide godt saman med andre politikarar for å betre Hareid som ei god kommune å bu i. Sette fokus på strategiske val som kan gjere Hareid attraktiv og spanande for tilflytting av folk og bedrifter.

Gje alle krinsane gode framtidsvilkår med kommunale tomteområder, barnehagar og godt miljø. Syte for levande kultur, at dei eldre får ein god alderdom og at komande generasjonar får ein god skule.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**