Venstre 6,3% tre veker før valet

I ei meiningsmåling i Agderposten 20. august får Venstre 6,3% og er større enn både Sosialistisk Venstreparti (5,5%) og Senterpartiet (5,1%). Venstre i Aust-Agder har fleire målingar over 6% til nå i år, og dette er langt høgare enn i noen val sidan 1969, skriv Jan Kløvstad i ein kommentar til meiningsmålinga.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Agderposten gir ingen tal for kvar enkelt kommune. Avisa viser til feilmarginar, men trekker likevel konklusjonane: “Blir noe i nærheten av dette valgresultatet, vil det si at de to minste i den rødgrønne koalisjonen er nær halvert i Aust-Agder i forhold til kommunevalget for fire år siden, mens Venstre har en pen liten fremgang og nå er større enn både Sp og SV. Høyre ligger også stabilt fra forrige måling med 17,5%, dette er omtrent som valgresultatet for fire år siden.” Agderposten oppgir ikkje kor mange som er intervjua, og det gjer at det er vanskeleg å trekke heilt detaljerte konklusjonar. Men noen retningar i valvinden kan vi likevel lese:

Det er Framstegspartiet og Sosialistisk Venstreparti som går sterkt tilbake nå, mens Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti går fram og Venstre held stillinga frå juni høgt over valresultata både i 2005, 2003 og 2001.

Rødt får berre 1,0% på målinga og Pensjonistpartiet er heilt usynleg. Dette kan ikkje vere gode tal for ordførarkandidat Knut Henning Thygesen i Risør, som kan vente seg hard konkurranse frå

Jna Einar Henriksen

Foto: Venstre

Venstres Jan Einar Henriksen. Lokalt i Risør og Gjerstad blir det snakka langt meir om Venstres Jan Einar Henriksen som mogleg ordførar enn det som til nå har nådd fram i Agderposten sine spalter.

Kva kan dette gi av resultat og mandat for Venstre?

Dette kan tyde på at vi kjem inn igjen i kommunestyra i Tvedestrand, Froland og Evje og Hornnes, der vi fall ut med små marginar i 2003. Vidare er det god grunn til å tru på eit godt resultat i Bygland, der vi har fellesliste med Høgre. I kystbyane er

Jens Olai Justvik og Tor Audun Danielsen

Foto: Venstre

Tor Audun Danielsen i Lillesand (her saman med andrekandidat Jens Olai Justvik),

Hans Antonsen og Anne Midtlien

Foto: Venstre

Hans Antonsen i Grimstad (under til venstre saman med andrekandidat Anne Midtlien) og Jan Einar Henriksen i Risør stadig meir atuelle ordførarkandidatar, mens også Arendal med 40% av folketalet i fylket kan ligge an til minst

Fylkestingskandidatane

Foto: Venstre

to mandat. Gjerstad, Iveland, Bykle og Birkenes hadde solide valresultat sist, og har god grunn til å tru på fortsatt framgang.

På fylkestinget ser det ut til at Øystein Haga får følge av Marianne S. Lyngvi og kanskje også Anne Midtlien.
Eit underleg trekk i meiningsmålinga er at “Andre” som hadde 11,9% i juni nå er nede på 0,0.

Av Jan Kløvstad, leiar i Arendal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**