Omsorgsløn det går an å leve av

Venstre vil at dei som vil vere heime for å ta seg av funksjonshemma born eller pleietrengande familiemedlemmer skal få omsorgsløn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Einar Warholm 2

Foto: Ellen Kvalsund

I tillegg til å klare kvardagen må mange foreldre til funksjonshemma born bruke mykje tid på orientere hjelpeapparatet om behov barnet deira har både for hjelpemiddel og pleie. Det bør leggast til rette for at foreldre som ønskjer å ta vare på borna sine heime skal ha ei omsorgsløn det går an å leve av.
Venstre si stortingsgruppe har foreslått at det blir laga eit spleiselag der kommunane garanterer for kr. 5000,- per månad, og at staten dekkjer resten opp til 80 prosent av 6G ( omlag kr. 300.000,-). Foreldra bør ha høve til å dele løna seg i mellom viss dei ønskjer det.
Venstre vil gjere ordninga med omsorgsløn mindre byråkratisk slik at det blir brukt mindre pengar på overprøving av dei foreldra som ønskjer å vere med på ei slik ordning. Forslaget frå Venstre er handsama i helse- og omsorgskomiteen – og ein ventar no på ei utgreiing frå regjeringa.
Venstre i Hareid vil gå inn for at kommunen går inn i eit slikt spleiselag, og trur det vil gi innsparingar på andre område samstundes som det vil hjelpe mange foreldre som i dag slit med å få pengar og krefter til å møtast.
Einar Warholm, ordførarkandidat for Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**