Venstres kunnskap om vindpark på Vargheia

avisa Sør-Trøndelag 10.aug. skuldar FrPs Torstein Larsen Orkdal Venstre for å vere i mot vindparkplanane på Vargheia allereie før søknaden ligg på bordet. Venstres meiner at Statskogs melding om planane til NVE i slutten av juni, som er tilgjengeleg på NVEs nettsider, inneheld tilstrekkeleg informasjon om plassering, storleik m.m. til at vi kan vurdere konsekvensane, skriv Venstres tredjekandidat i Orkdal, Lavrans Skuterud.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Venstres kunnskap om vindpark på Vargheia

Lavrans Skuterud

Foto: NN

I avisa Sør-Trøndelag 10.aug. skuldar FrPs Torstein Larsen Orkdal Venstre for å vere i mot vindparkplanane på Vargheia allereie før søknaden ligg på bordet. Venstres meiner at Statskogs melding om planane til NVE i slutten av juni, som er tilgjengeleg på NVEs nettsider, inneheld tilstrekkeleg informasjon om plassering, storleik m.m. til at vi kan vurdere konsekvensane:
1. Orkdal har berre tre naturområde att som er meir enn 3 km frå tyngre tekniske inngrep. Av desse er Grytdalen det største og det er her vi kjem nærast definisjonen av eit villmarksprega område i kommunen. Den skisserte vindparken i randsona av Grytdalen naturreservat vil redusere dette området betydeleg. Da Grytdalen naturreservat vart utvida i fjor var delar av det planlagde vindparkområdet også foreslått verna.
2. Formålet ved vernet av Grytdalen er å ta vare på eit tilnærma urørt naturområde som er spesielt delvis pga. sin storleik. Plassering av ein vindpark i randsona av naturreservatet er derfor i konflikt med sjølve verneformålet.
3. Området er del av eit svært viktig viltområde, og er leveområde for artar som Noreg har ansvar for å verne om etter den internasjonale Bern-konvensjonen.
Desse tre punkta er alle på lista over omsyn som ein skal ta ved planlegging av vindparkar, jf. retningslinene frå Miljøverndepartementet.
Venstre er eit teknologioptimistisk og ansvarleg miljøparti, og det er ikkje berre lett for oss å vere mot vindkraftplanar. Men Statskogs planar for Vargheia grip inn i noko av Orkdals mest verneverdige natur, og vi meiner utbygging av mindre verneverdige og konfliktfylte område bør prioriterast. Aller viktigast er det likevel å utnytte kraftressursane betre, slik at vi kan unngå store naturinngrep. Venstre ønskjer derfor m.a. at vi i Orkdal skal vere meir ambisiøse i forhold til energiøkonomisering, t.d. ved planlegging av nye kommunale bygg.

Lavrans Skuterud
3.kandidat, Orkdal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**