Høgre i slett lune?

Det er trist at Høgre vel misnøye og angrep istaden for å fremje sin eigen politikk. Eg vil berre minne om at ordførarkandidaten til Høgre, Anders Riise, har vore med i fleirtalskoallisjonen som har styrt Hareid siste 4 åra, og at det ikkje føreligg forslag frå Hareid Høgre om bustadutvikling og industriutvikling. Dei forslaga er det andre som har kome med.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Eg hadde ikkje tenkt å engasjere meg i den lokale valkampen, men heller konsentrere meg om fylkesvalet sidan eg ikkje stiller til attval i Hareid. Men når det kjem å urimelege skuldingar som det Berte Holstad kjem i lokalavisa tysdag, må det svarast.

Hareid kommune og næringslivet
Hareid kommune har alltid hatt eit godt forhold til næringslivet i kommunen, og vi har snutt oss raskt når det har vore behov for det. Dette kan du få bekrefta frå mange næringslivsleirar som har hatt behov for tilrettleggingar av ulike slag. Sist vart dette bekrefta frå dagleg leiar ved Kvalsvik treindustri A/S då det var spekulert i om det var misnøye med Hareid som gjorde at bedrifta flytte produksjonen til Dovre. Han presiserte då at dei alltid hadde vorte møtt med velvilje i Hareid kommune. Ordføraren har også hatt jamn kontakt med folk som ønskjer å etablere seg i kommunen — og har også i mange høve vore direkte tilretteleggar.
Å konkludere med at ordføraren er næringsfiendtleg ut ifrå at ordføraren ønskte eit vedtak i reguleringssamanheng på Indre Hareid som både kunne gi rom for industriutvikling og bevaringa av den siste resten av den genuine Hareidsanden er vel å drage det litt langt. Ordføraren har i alle samanhengar og i kontakt med utbyggjar presisert at vi ønskte dei hjarteleg velkomne til industriutvikling i Hareid og at vi ville legge til rette erstatningsareal.
( Ordføraren vart nedstemt i saka om sanden slik at utbyggar ikkje treng å ta omsyn til sanden ved eventuell utbygging.Dette er eit eksempel på at ordføraren har ikkje meir makt enn kommunestyret gir — i alle samanhengar, og at det er kommunestyret som er ansvarleg for utviklinga i ein kommune)

Det er også ordføraren som har vore pådrivar for nye industriområde. Det kan Berte Holstad konstatere viss ho går inn i sakshandsaminga. At det har tatt for lang tid, er vi alle samde om. Men det skuldast planleggarar som har kome og gått først i rulleringa av kommuneplanen som ikkje hadde vore rullert på mange år då eg kom inn i 1999 — og så i vanleg planregulering , heilt til fullstendig mangel på planleggar trass mange utlysningar. Det har ikkje mangla på vilje eller pengeprioritering. Det var også ordføraren som til slutt fekk gjennom eit vedtak om å leige kapasitet frå konsulentfirma og sette i gang reguleringsarbeidet

Glede, optimisme og stoltheit gir tilflyttingslyst

Når det gjeld tilflytting og nye bustadfelt er det same reguleringsproblematikken som gjer seg gjeldande. Og det var også ordføraren som foreslo og fekk gjennom leige til hjelp av regulering på Holstad for å få fleire sentrumssnære tomter. Samstundes har ordføraren pressa på for oppmåling og tilrettelegging for nye private bustadfelt, t.d. på Indre Hareid og i krinsane.
Ordføraren har også hatt kontakt med fleire ungdommar som har vore ute for å legge til rette for etablering i Hareid. Og eg veit ikkje kven Berte Holstad kjenner, men eg kan telje opp ti, tolv par som eg kjenner som er nyetablerte i Hareid med små barn siste to åra. Så heilsvart er det ikkje. Og eg trur det vert endå betre om alle viste litt meir glede og optimisme når vi framstår i media.

Berte Holstad vil finne at det ikkje ligg føre forslag til vedtak eller intitiativ elles frå Hareid Høgre i desse sakene sjølv om det har vore rikeleg høve både gjennom kommunestyrererpesentantane og formannskapsmedlemen frå Høgre. Men det er kjekt no om den nye høgregruppa har intensjon om ein meir aktiv politikk. Eg trur Venstre meir enn gjerne vil samarbeide om det!

Gunn Berit Gjerde
Ordførar i Hareid

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**