Lesarbrev : Om Torget på Nærbø

Hå Venstre har eit punkt om Nærbø sentrum og parken der i programmet sitt og vi har med hensikt laga det for å skapa debatt. Gaute Hegrestad lar seg provosera på fredag og det set vi stor pris på. Det gir oss høve til å halda liv i debatten om Nærbø sentrum og det trengs.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Av: Jon Arne Silgjerd, 1.kandidat, Hå Venstre.

Jon Arne Silgjerd

At dette er "Det flottaste og mest brukarvenlege Torget i heile regionen" stemmer dårleg med mine erfaringar. Som nabo til fuglaparken der det er folk heile dagen sju dagar i veka så ser parken på Torget bortimot folketom ut — iallfall kvar gong eg er på dei kantar.

Men la oss først ile til og roa ned alle dei som har tatt kontakt med oss i helga og seia fylgjande – Hvis Venstre skulle få makt i Hå, så blir det garantert ikkje færre grøntområde — det blir fleire!
Og hvis Hegrestad hadde tatt seg bryet med å sitera den neste setninga i programmet vårt i staden for å reklamera for Nærbølista, så ville han sett at vi lover å erstatta alt det grøntarealet som evt måtte forsvinna med anna sentrumsnært grøntareal.

Men når Hegrestad brukar begrepet Torget om både parken og resten av området, så illustrerer han noko av problemet med Nærbø sentrum. Biletet som illustrerer artikkelen på fredag viser og dette tydeleg. Halvparten av det området som Hegrestad kallar Torget eller Parken er eigentleg ein parkeringsplass. Rett nok med pølsebu og drosjekiosk, men likevel i hovudsak ein parkeringsplass.

Og området mellom Torget og Torgsenteret er ein parkeringsplass. Området bak Torgsenteret er ein parkeringsplass. Området ved jernbanestasjonen er ein parkeringsplass. Og rundt heile Handelslaget er det parkeringsplass. I tillegg er det parkering under både Handelslaget og Torgsenteret. Om vi summerer opp alle parkeringsplassane i sentrum så er det aleine truleg areal nok til å byggja ein middels norsk småby. Og det i ei bygd der det etterkvart er ekstrem knapphet på areal.

Vi veit jo at sentrumsforeininga helst vil la kundane sine køyra fram til kvar einaste butikkdør, men blir det eit triveleg sentrum av slikt?

På Nærbø og Varhaug vil det garantert bli store konfliktar mellom utbyggingsinteresser og jordvern i åra framover. Presset på "dødareal" i sentrum kjem til å bli større og større og vi må finna meir kreative løysingar enn i dag, både når det gjeld park og parkering.

Venstre var med for snart 20 år sidan og drog i gang debatten om Nærbø sentrum. Vi laga ei skisse som viste korleis vi tenkte oss området framfor Torgsenteret brukt til eit triveleg torg. Vi foreslo og å laga ein sentrumsplan — og den kom etter valget den gongen. Den sentrumsplanen bør absolutt ikkje vara evig. Nærbø sentrum er eit pressområde der det er nødvendig å tenkja nytt med jamne mellomrom. Om parkering t.d. Kanskje vi burde laga eit felles kjempestort parkeringshus under både parken og torget og på den måten frigjera store areal? Kanskje med innkøyring frå andre sida av jernbanen slik at vi unngår all trafikken gjennom sentrum?

Dette er sjølvsagt bare eit innspel. Det å ha grøne lunger i sentrum betyr ikkje nødvendigvis at det ikkje er lov å røra parken slik den ligg i dag. Tvert om. La oss få ein debatt om korleis vi kan gjera den endå betre. Då blir vi grøne Venstre-folk glade!

Les ein grundig gjennomgang av innspelet her >>

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**