Meir rettferdig handel i Orkdal

Nokre globale tankar i ein lokal valkamp: Venstre vil at Orkdal skal bli godkjend “Fairtrade-kommune”! Dette inneber eit samarbeid med næringslivet med konkrete årlege mål om å styrke bruk og utval av “Fairtrade”-merka produkt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Adresseavisa skreiv 7.aug. om vårt forbruk av klede. I løpet av 7 år er omsetninga av klede i Noreg nesten dobla, og i 2004 vart det kasta nesten 50 % meir klede enn i 1995. Mykje av forklaringa ligg i at klede har vorte vesentleg billigare i same periode, med ein nedgang i konsumprisindeksen for klede og sko på om lag 35 % dei siste 10 åra.

Logo

Foto: Fairtrade

Dei siste åra har det heldigvis vorte meir fokus på dei dårlege arbeidsforholda i lågkostland som gjer mykje av prisnedgangen og forbruksveksten vår mogleg. Eit resultat av dette er t.d. godskjennings- og merkeordningar for rettferdig handel eller "Fairtrade". "Fairtrade"-ordninga gjer at arbeidarar i Sør får ein betre pris for arbeidet og lettar tilgang til marknaden i Nord. Rettferdig handel bidreg til like moglegheiter for produsentar i ulike land, og er eit godt sosialliberalt verkemiddel. Ordninga med "Fairtrade" har i tillegg ein klar miljøprofil.

Venstre vil at Orkdal skal bli godkjend "Fairtrade-kommune"! Dette inneber eit samarbeid med næringslivet med konkrete årlege mål om å styrke bruk og utval av "Fairtrade"-merka produkt. Fleire matbutikkar (og Vinmonopolet) i Orkdal har allereie gode "Fairtrade" vareutval. Særleg innanfor handel med klede er det nok mykje å hente. Dette er nok eit eksempel på det gamle slagordet: Tenke globalt — handle lokalt! Bokstaveleg talt.

Lavrans Skuterud, 3. kandidat
Lone Kvålsvoll, 4. kandidat
Christian Bonvik, 5. kandidat

Orkdal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**